Bondeopprør

Lørdag 23. januar, 2010
- Senterpartiets finanspolitikar Per Olaf Lundteigen held fram som privatpraktiserande opposisjonsfigur, parallelt med ansvarleg gjerning i stortingsgruppa. Lundteigen ville gå solo og gje norske kjempelån til Island, og stanse biodieselavgifta med alle middel. Han er ikkje akkurat Jens Stoltenbergs næraste fortrulege på regjeringas grøne fløy. Men når han no vil stille seg i spissen for eit nytt bondeopprør, kan han bli vanskelegare å komme utanom. Haugesunds Avis og Nationen refererer frå eit stormøte med sauebønder i Ølen, der Lundteigen fekk ståande trampeklapp for eit generaloppgjer med landbrukspolitikken som også hans eiga regjering fører. Han etterlyser eit nytt Hitra-oppgjer, som så lenge det varte fekk fart på inntektsutviklinga i jordbruket på 1970-talet.
- Utspelet kjem medan bondeorganisasjonane rustar seg til eit nytt landbruksoppgjer, i ein situasjon der store delar av distriktslandbruket ser skrifta på veggen. Rett nok har takta i bruksnedleggjingar flata ut sia dei raudgrøne kom til makta i 2005, og økonomien i sauenæringa er noko styrka. Men dette er langt frå nok til å stanse den dramatiske sentraliseringa i norsk landbruk, som meir og meir er konsentrert til Oslofjord-regionen og innlandet, Jæren og bygdene langs Trondheimsfjorden. Talet på mjølkebønder vart halvert frå 1998 til 2008, med Sp i regjering meir enn halve tida. Dette er ryggraden i distriktslandbruket. Bondelaget opplyser at 20 prosent av samdriftene med to mjølkebønder avslutta samarbeidet i 2009. Det syner at samdrift ikkje er noko sesam-sesam, så lenge økonomien i næringa er så pressa.
- Hitra-aksjonen handla om eit økonomisk krafttak for næringa. Dette er det mest presserande før jordbruksoppgjeret. Men også fordeling og innretting av støtteordningane er ein varm potet i landbruksfamilien. Bonde- og småbrukarlaget etterlyser ei langt sterkare satsing på storfe, sau og geit, som går på beite og held kulturlandskap i hevd, medan svin og fjørfe for ein stor del lever på importert kraftfôr. Dette provoserte Bondelaget. Når krubba er tom, kan også bønder bitast.










