I varehandelen har dei ikkje gått til streik sidan 1961, men neste veke kan streik lamme mellom anna byggvarehus og taxfreebutikkane.

Rustar seg for streik i varehandel

Klare: Tillitsvalt Linda Gravdal Larsen deler ut gule vestar til Hilde Revheim på Meny Lagunen. Endar meklinga på søndag i streik, er dei budd.

Linda Gravdal Larsen rekker over ein pose med gule vestar til kollega Hilde Revheim på Meny Lagunen i Bergen. For to veker sidan blei det brot i lønsforhandlingane mellom Handel og Kontor (HK) og Virke. Søndag møter partane til mekling.