Aleksander Åsnes
Bønder
Det blir stadig færre bønder her i landet, og ofte blir den store nedgangen over tid trekt fram i debatten om landbrukspolitikk. Til dømes skriv Aslak Bonde i Morgenbladet at «bruksnedleggingen i landbruket går raskt», og Aftenposten har skrive fleire saker om kor mange bønder som har slutta med Senterpartiet i regjering. Både denne gongen og under den raudgrøne regjeringa gjekk talet på bønder nemleg ned kvart år.
Aftenposten antydar at det er eit nederlag for Senterpartiet at det blir færre bønder og at gardsbruk blir lagt ned. Det interessante er jo ikkje berre kor mange bønder det er her i landet, det interessante er kor mykje mjølk og kjøt dei produserer til saman.
I 1950 var det meir enn 200.000 gardsbruk i drift i Noreg, og i dag er talet litt meir enn 38.000. Er norsk landbruk utradert i denne perioden? Nei, det blir produsert mykje meir kjøt i dag enn i 1950, og kring like mykje mjølk. Når gardsbruka er lagt ned, betyr det stort sett at dei no er drivne vidare av naboen til dei som dreiv det i 1950.