
Langt frå elementært
Torsdag 31. desember, 2009
Den store publikumsfilmen i jula har vore «Sherlock Holmes». Regissør Guy Ritchies tolking av detektiven er den siste av mange hundre kino- og fjernsynsfilmar sidan 1905. Sherlock Holmes, «den mest kjende mannen som ikkje har levd», fascinerer framleis, drygt 120 år etter at han vart introdusert i «A Study in Scarlet».
Forteljaren i historia var Holmes’ lojale kompanjong og krønikeskrivar Dr. John Watson. Holmes’ og Watsons komplementære eigenskapar og faste partnarskap skapte ein ny sjanger, kopiert i tallause «politihistorier» frå Agatha Christies Poirot og Hastings, Elizabeth Georges Lynley og Havers, Colin Dexters Morse og Lewis til Richard Donners Riggs og Murtaugh i Dødelig våpen-filmane.
Ei pengesak
Då Arthur Conan Doyle byrja å skriva Holmes-historier som føljetongar i magasinet The Strand, var det for pengar. Eigentleg ville han bli rekna som ein seriøs forfattar av historiske romanar, drama og poesi, noko han også produserte mengder av. Men dei gav ikkje inntekter som kunne livberga ein familie med ein rastlaus, eventyrsøkjande forsørgjar. Og Conan Doyle ville skriva, jamvel om han var lege.
Bakgrunnen kom likevel til nytte i forfattarskapen. Det er velkjent at Conan Doyle baserte Sherlock Holmes på sin karismatiske førelesar ved medisinstudiet i Edinburgh, Dr. Joseph Bell, ein meister i observasjon, deduksjon og logikk.
Vel så interessant er det at ein i desse bøkene - som Conan Doyle berre rekna som «kommersiell» litteratur - kan finna mange av dei motseiingane som prega livet til forfattaren. Til dømes var Conan Doyle entusiastisk i høve til ny teknologi, samstundes som han var fascinert av det overnaturlege. Militærinteressa og oppslutnaden om det britiske imperiet vart parert av frykt for moderne krig og motstand mot maktovergrep. I den propagandistiske 1. verdskrigshistoria «Hans siste bedrift» sprengjer Holmes ein tysk spionring.
Ut av slummen
Arthur Ignatius Conan Doyle vart fødd i 1859 i Edinburgh. Doyle-slekta var deklassert irsk-katolsk adel og kjende kunstnarar. At Arthurs far hamna i Skottland, var tilfeldig, men mange irske katolikkar som hadde mista heim og livsgrunnlag til engelskmennene, enda opp her. Gamlebyen i Edinburgh var ein slum for den veksande arbeidarklassen, storparten var irar. Til liks med liknande bydelar i andre britiske byar var gamlebyen overfolka, sjukdomsherja og full av rotter.
Conan Doyle vart fødd på høgda av Victoria-tida med sine vitskaplege oppdagingar, sin kunstnariske framgang og imperialistiske ekspansjon, men optimismen som prega samfunnet sett ovanfrå, nådde ikkje ned til dei dickenske slummane. Innan Arthur var fylt sju, og vart sendt vekk på skule, hadde han opplevd minst tre kolerautbrot. I tillegg var Arthurs far ein vonbroten kunstnar og alkoholikar som dreiv familien ned i armod og døydde på mentalsjukehus.
Mange motseiingar
Conan Doyle fekk likevel tidleg innsyn i nokre av dei omveltande ideane som prega samtida - som Charles Darwins evolusjonsteori og filosofien til John Stuart Mill. Han hadde ei umetteleg litterær interesse og fekk skulegang gjennom stipend og velgjerd frå slektningar. Han vart ein like ihuga talsmann for fornuft og rasjonalitet som fiksjonsfiguren Sherlock Holmes.
Det hindra ikkje at han på sine eldre dagar vart oppteken av det okkulte. Etter å ha mista den fyrste kona i tuberkulose og blant andre både sonen sin og ein bror i 1. verdskrigen, auka interessa for «etterlivet». Vitskapsmannen Conan Doyle vart ein ivrig talsperson for spiritisme. Mot slutten av livet - han døydde i 1930 - byrja han jamvel å tru på alvar.
Irske motiv
Catherine Wynne, spesialist i britisk 1800-talslitteratur, har skrive om dei mange motseiingane i Arthur Conan Doyles forfattarskap i boka «The Colonial Conan Doyle: British Imperialism, Irish Nationalism, and the Gothic». Her finn ein mykje av den konteksten som er fullstendig fråverande i den nye filmen «Sherlock Holmes».
Wynne hevdar at det ligg ei rad spenningsaksar under Conan Doyles litteratur - også i Sherlock Holmes-forteljingane: katolisisme versus spiritisme, vitskap versus det esoteriske og britisk imperialisme versus sosial rettferd - i tillegg til det doble tilhøvet til Doyles irske opphav. Til dømes meiner Wynne at det i den siste Holmes-romanen, «Fryktens dal», er ein parallell mellom den kriminelle organisasjonen som er trugsmålet i historia og dei hemmelege irske nasjonalistiske selskapa som truga England. I det mest kjende av Holmes-eventyra, «Hunden fra Baskerville», er myrane ein referanse til Irland, samstundes som heile historia er bunden til Englands status som kolonimakt og striden om landet som Doyle-familien kom frå.
Imperialisme og rettferd
Trass i at Doyle-familien var stolte av sitt irske opphav, var Arthur Conan Doyle ein ivrig tilhengjar av det britiske imperiet. 40 år gamal freista han å verva seg til Boer-krigen. Han vart avvist som stridande, men kom med som feltlege. Innsatsen gjorde at han vart adla, men då han kom heim, skreiv han 500 sider flengjande kritikk av krigen.
Conan Doyle skreiv også svært kritisk om det rasistiske belgiske kolonistyret i Kongo i «The Crime of the Congo». Trass i motstanden mot irsk nasjonalisme engasjerte også Conan Doyle seg på den saksøkte si side i rettssaka mot den irske diplomaten Roger Casement (som også er modell for ein av karakterane i science fiction-historia «The Lost World»). Det var Casement som hadde informert Conan Doyle om overgrepa i Belgia, og no vart han skulda (og dømt) for å ha søkt tysk støtte for irsk fridom under 1. verdskrigen.
Conan Doyle hadde nær berga Casements liv, hadde det ikkje vore for at han vart avslørt som homse - noko Conan Doyle såg langt mildare på enn britiske domstolar. Conan Doyles sosiale medvit skin nemleg også gjennom i homoliberale litterære skildringar.
I litteraturen tok han også stadig opp vald mot kvinner, og i livet støtta han full jamstelling for kvinner i skilsmålssaker. Arthur Conan Doyle ønskte å tena samfunnet, og stilte til val to gonger utan å bli vald til parlamentet. Karakteristisk nok stilte han til val som liberal kandidat for eit parti som seinare fusjonerte med dei konservative.
Ville drepa Holmes
Samfunnsengasjert og litterært ambisiøs som han var, kjende Conan Doyle seg bunden av den populære og rekningsbetalande detektivskapnaden sin. I 1893 skreiv difor den impulsive forfattaren «Det siste problem», der Holmes styrtar i døden saman med erkefienden professor Moriarty. Den styrten kosta The Strand 20.000 tingarar og tvinga Conan Doyle til å skapa nye «kommersielle» heltar som Brigadier Gerard og Professor Challenger. Men alt i 1902 vendte Holmes tilbake. Conan Doyle hadde då behov for ein helt til ei historie basert på folklore frå Devonshire i traktene kring Dartmoor fengsel. «Hunden frå Baskerville» vart ein klassikar i kriminallitteraturen.










