Stopp tvangsretur av etiopiarane

I februar henta politiet 21 etiopiarar til Trandum. Dei har vore i landet 10–22 år. Tre har til saman fem barn som er født i Noreg. Fem er kvinner, ei frå Florø, ei frå ­Tingvoll, to frå Trøndelag og ei frå Oslo. Onsdag 24. april starta tvangs­utsendinga. Då vart ­Mulalem Fekadu frå Modum sendt til Etiopia etter 16 år i Noreg. Han var 15 då han kom. På ­Trandum sit Alemayehu Hirpo (51), i 19 år har Ringsaker ­Mottakssenter vore heimen hans. Alemayehu Hirpo var ein populær og berømt musikar i Etiopia. Mange av tekstane hans handlar om fred og kjærleik mellom ­menneske. I Tingvoll spør folk etter 47 år gamle Woinshet Asefar, dei fleste kjente henne. Woinshet var viktig for mange menneske i lokalsamfunnet. Ein dag kvar veke på Trandum har Ezana Abebe frå Oslo – 22 år i Noreg – fått besøk av dotter si på 8 år. Ho gret og forstår ikkje kvifor pappa skal sendast ut av landet.

Debatt