Gje oss fisken tilbake, er kampropet frå nord. Høgre vil heller byggje kraft, mineralutvinning og havbruk.

– Vi bur oppå torsken, og så skal ikkje vi fiske han opp?

Opprør: Ein fiskar frå Myre i Vesterålen eig eigen fiskebåt, men har ikkje råd til eigen kvote. I morgon skal dei stengje hamner i Finnmark som protest mot fiskeripolitikken Stortinget vedtek i dag. Foto: Anniken C. Mohr

I dag vedtek Stortinget kvotemeldinga, den langsiktige fiskeripolitikken som seier kven som skal få fiske kvar og kor mykje. Regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet søkte fleirtal med dei borgarlege heller enn med venstresida.