Ulv, ulv

Torsdag 30. juli, 2009
- Kjært barn har mange namn. I vår artikkelserie om rovdyrstriden er det nytta uttrykk som ressurskamp, kulturkamp og klassekamp om interessekonflikten mellom landbruksdrift med beitedyr i utmark og politiske vedtak om å ha ein stamme av bjørn, ulv, jerv og gaupe i norsk natur. Serien har på pedagogisk vis forklart kvifor rovdyrdebatten blant folk i Bygde-Norge gjeld langt meir enn tapstal i saueflokkane. Dette handlar like mykje om sosiale og kulturelle maktforhold. Protestane mot rovdyrpolitikken symboliserer den sterke misnøya i distrikta med byråkratisk uforstand i forvaltinga, urban skrivebordspolitikk og ovanfrå og ned-haldningar mot dei som strijobbar for låg betaling for å leve opp til politiske honnørord som spreidd busetjing, miljøvenleg matproduksjon og pleie av kulturlandskap.
- Men sjølv om striden er kjensleladd, viser det seg ved nærare ettersyn at frontane er mindre tilspissa enn ein får inntrykk av når rovdyrdebatten stundom blir gjort til TV-underhaldning. Det finst folk på ytterfløyene med nærast fanatiske haldningar for eller mot rovdyra, men den vanlege sauebonde og dei representative miljøorganisasjonane har meir nyanserte syn. Natur og Ungdoms bidrag til beitetilsyn i samarbeid med Bonde- og småbrukarlaget er døme til etterfølging når det gjeld respekt for og kunnskap om bondens arbeid. Miljøorganisasjonar og landbruket er viktige allierte på andre felt, som opposisjon mot WTO og frihandelsreligionen.
- Vi møtte laurdag sauebønder i Løten som forklarte korleis forvaltinga praktiserer Stortingets rovdyrforlik frå 2004 slik at ulven får betre vern enn sauehaldet. Rovdyrforliket, som etablerte soner der rovdyr skal kunne opphalde seg og ikkje, er ein uhaldbar skrivebordskonstruksjon. Men så lenge berre Senterpartiet og i nokon grad Frp ser seg tent med å utfordre rovdyrpolitikken, er det uansett regjeringsalternativ lite som tyder på politiske endringar med det første. I mellomtida bør Direktoratet for naturforvalting og Miljøverndepartementet leggje øyro nærare grasrota.










