Tafatt

Mandag 16. februar, 2009
- Kan multinasjonale konsern tvingast til etisk og sosialt ansvar, respekt for arbeidstakarrettar og høg miljøstandard ved verksemd i fattige land gjennom statlege pålegg og reguleringar? Om dette handlar det noko diffuse omgrepet «næringslivets samfunnsansvar». No for tida smykkar alle PR-bevisste storkonsern seg med etiske faneparagrafar og gjerne eit utviklingsprosjekt eller to i område der dei etablerer seg for å auke profitten. Likevel blir det mykje skrik og lite ull når næringslivet skal ta andre omsyn enn å forsyne aksjonærane. Dette er også tilfellet for regjeringas stortingsmelding om næringslivets samfunnsansvar, som kom i januar.
- På konferansen som Forum for Utvikling og Miljø arrangerte i Oslo sist veke, fekk regjeringas melding hard kritikk frå norske organisasjonar og internasjonale ekspertar. Briten Mark Curtis sa at den norske regjeringa med sine moralske appellar og manglande bindande tiltak er i bakleksa i høve til ein internasjonal trend med sterkare reguleringar, også frå regjeringar som på papiret står langt til høgre for den norske. Ei rekke organisasjonar som skulle stå regjeringa nær, er misnøgde. Amnesty International Norge kallar meldinga visjonslaus og utilstrekkeleg, og seier den ikkje vil gjera nokon skilnad om vi får eit nytt døme som Aker Kværner på Guantanamo.
- Strafferettseksperten Ståle Eskeland sa på konferansen at det store fleirtalet av lovbrot frå norske selskap i utlandet blir ignorert av politi og påtalemakt, sjølv om norsk rettsvesen har jurisdiksjon ved dei fleste slike høve. Han meiner norske selskap som opererer i utlandet, bør stillast rettsleg ansvarleg for lovbrot langt meir enn i dag. Men regjeringa avviser ei styrka rettsleggjering og andre moglege sanksjonar. SVs utviklingsminister Erik Solheim meiner offentleg merksemd og tap av omdømme er den mest verknadsfulle straffa for selskap som bryt lover eller normer, slik Telenor gjorde i Bangladesh. SV kan umogleg vera komfortabel med ei så tafatt tilnærming. Regjeringa vågar eller evnar ikkje gripe inn mot storselskapa, heller ikkje der staten er dominerande eigar.










