
- Ureflektert
Lørdag 21. november, 2009
Dette var eitt av hovudpoenga då journalistikkprofessor Rune Ottosen i går la fram si nye bok «VG, Saddam og vi - Et kritisk blikk på nyhetsdekking av krig og konflikt».
«Psyops»
Etter den fyrste Irak-krigen, i 1991, følgde ein omfattande, sjølvgranskande mediekritikk. Dette er endra etter den andre Irak-krigen. Det trass i at dette, ifølgje Ottosen, er den mest «velregisserte» krigen til dags dato. Det skuldast ikkje minst den psykologisk krigføringa, styrt og dels falsk informasjon gjennom såkalla «psyops». Her nemner Ottosen den falske historia om berginga av soldaten Jessica Lynch og den militærskapte jubelen for rivinga av Saddam-statuen i Bagdad.
Norsk deltaking
Ottosen meiner eit ureflektert tilhøve til psyops er særleg problematisk når det samverkar med media si uprinsippielle handtering av folkeretten. Ikkje minst i saker der Noreg er medverkande part, som når norske soldatar vart sende til Irak.
Ottosens svenske kollega, Stig Arne Nohrstedt, stør Ottosen i at dette er eit av dei viktigaste problema i krigsjournalistikken.
- Det handlar om ei grunnleggjande innstilling til korleis ein handterer «psyops» og korleis ein taklar maktpersonar som påstår at krigshandlingar er legale, når folkerettseksperatar påstår det motsette.
VG som døme
VG er brukt som gjennomgåande døme i Ottosens bok.
- Den norske dekkinga av Irak-krigen var variert. VG skilte seg ut med å gå lengst i å stø krigen. Olav Versto beklaga at Noreg ikkje følgde sine næraste allierte, seier Ottosen til Klassekampen.
- Dette er likevel ikkje eit åtak på avisa. VG blir brukt som eit prisme, for å visa korleis media vart manipulert. Mot slutten av boka freistar eg også å lista opp nokre motstrategiar mot manipulasjon. Ein fredsjournalistikk heller enn ein krigsjournalistikk.
Dødeleg rapportering
Ottosen legg til at har stor respekt for journalistar som tar dei farlege oppdraga, som VGs Harald Henden og Kim Riseth.
- Ein av merkesteinane ved Irak-krigen er at det er den krigen som har teke livet av flest journalistar.
VGs sjefredaktør Bernt Olufsen var likevel kritisk til Ottosens utval i boka.
- Det er dei sakene som slo gjennom i internasjonale medium Ottosen legg vekt på frå VG. Det er eit problem at norske medium blir stadig meir avhengige av internasjonale byrå, VG hadde difor eit eige team som ikkje var «embedded» i Irak. Dette kjem dårleg fram i boka.
VG-redaktøren hadde elles røynsle med at amerikanske militære i Irak var meir opne enn norske militære er i Afghanistan.










