Klassekampen.no
Onsdag 28. februar 2018
VALFRITT: På tur i, på eller oppå bussen.
Ein tur på bussen med saft på termos.
På glid, frå på til i

Ein opprådd lærar i grunnskulen tok kontakt; eit kvikt hovud i klassen hadde lurt på kvifor me seier at det er saft på termosen. Saften er då i termosen, eller inni termosen! Godt døme på det fine refleksjonsnivået hos barn, ikkje minst om språk.

To så enkle ord som preposisjonane og i gir opphav til fine distinksjonar. Me snakkar om på bussen, på toget, på Stortinget, på helseheimen, på universitetet. Alle veit at dette er idiomatisk og korrekt. Samstundes veit alle at buss og tog og Stortinget og helseheim og universitet er fysiske konstruksjonar der menneske går inn og ut. Alle desse opprekna orda kan difor, sjølvsagt, ha preposisjonen i. Men – kva er skilnaden? For ettersom det er slik at me seier begge delar, og begge delar er korrekt, skjønar alle at her må det liggja ein nyanse, ein meiningsskilnad, i botnen. Og dét gjer det.

Stikkorda heiter funksjon og lokalitet. rettar merksemda mot funksjonen. Det reint fysiske blir oppfatta som noko meir enn det fysiske, det har eit føremål. I, derimot, fortel berre enkelt og greitt om ein lokalitet.

Føremålet med termosen er at han skal ta vare på drikke, til dømes varm kaffi eller kald saft. Då blir det . Naturlegvis kan me òg snakka om saft i termosen; då tenkjer me berre på kva som er inni der. Forståeleg nok er det oftare snakk om på bussen og på helseheimen (funksjonen) enn i bussen og i helseheimen. Funksjonen opptek oss mest.

Me kan gjera avtale om møte i Stortinget eller på Stortinget. Begge delar er korrekt. I praksis blir det ingen skilnad; eit møte er eit møte. Men forestillinga om Stortinget som blir uttrykt i dei to setningane, er ikkje den same.

Dei som trur at norsk er fattig på nyansar, må tru om att.

Sidan me er inne på i og på, minner eg om bruken ved stadnamn, i og Lillehammer, i og Notodden, i og Gjøvik og så vidare.

I røynda er dette enklare å læra enn mange trur. Regelen er slik: Er det tale om eit namn på ein kommune, er preposisjonen alltid i. Unntak finst ikkje. Men så er det slik her i landet at somme av stadnamna våre har i, andre har . Her finst ikkje fasit. Dei som trur at regelen er ‘på’ inne i landet, ‘i’ ved kysten, trur feil. Det er i beste fall ein tendens.

Berre eín regel gjeld: sjekk! Då får du vita at det heiter på Røros, på Dalen (i Telemark), på Årdalstangen (Sogn), på Hovden (Agder), på Bryne (Rogaland). Tettstadene Hamar, Lillehammer, Gjøvik, Notodden, Voss har òg . Som kommunenamn skal dei ha i. Her blir det altså skilnad i meining, det eine er administrativt namn, det andre er namn på tettstad.

Så må me leggja til at tendensen i norsk er at me får færre og færre på-namn. Tenk berre at før heitte det både på Moss og på Molde. Reint logisk vil me difor alltid støyta på nokre få stader der preposisjonen er på glid – frå på til i.

Uansett – regelen er: Administrative namn som kommune og fylke skal alltid ha i. Andre stadnamn som skrivaren eller talaren (i NRK, til dømes) er usikker på, må sjekkast.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Dei som trur at det er ‘på’ inne i landet, ‘i’ ved kysten, trur feil»

Artikkelen er oppdatert: 11. april 2018 kl. 10.26
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk