Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209

Språkstrid

Språkstrid

Onsdag 28. juli, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • I 125 år har Noreg hatt to formelt jamstilte skriftmål - det såkalla «bokmålet» og det Ivar Aasen døypte «landsmål», men som i dag er kjent som «nynorsk». Prinsippet er eigentleg enkelt: Sidan folket i landet nyttar to skriftmål med liknande, men ulike røter - det eine i skriftleg dansk, det andre i norske dialektar - skal desse to skriftmåla ha relativt like vilkår, både i det offentlege, og i opplæring. Vedtaket var eit fornuftig kompromiss mellom stridspartane, og burde, sett utafrå, vera ganske enkelt å skjønna som demokratisk prinsipp. Folk bør få uttrykka seg på det målet dei sjølve kan, også offentleg, og i politiske ordskifte, og då bør dei og ha tilgang på opplæring i eiga målform.
  • For tilhengarar av liberale prinsipp burde dette vera grei skuring. Jamvel skortar det tidvis på både liberalismen og demokratiet når det gjeld språk. Dette får ulike uttrykk. Somme av desse er av det absurde slaget, som då høgreorientert ungdom i Oslo av alle ting skipa til bokbål med nynorske ordliste. Slikt kallar mest på den tragiske latteren. Andre er meir umerkelege, men like fullt viktige, som at landets største aviser i praksis boikottar skriftmålet til om lag ein femtedel av folket. Ofte spissar den ulmande språkstriden seg til kring utdanningsspørsmål, og spesielt striden om sidemålsopplæringa, som det rasar eit ordskifte om i Aftenposten for tida.
  • På overflata vil kritikarar av språkpolitikken «sidemålet» til livs. Realiteten er nok heller, i dei fleste høve, at det er nynorsken ein vil ha vekk. Det forundrar oss at det kan provosera så veldig at ungdom får opplæring i norsk skriftmål, spesielt for folk som elles klagar over manglande kunnskap i norsk skule. Om noko burde denne opplæringa heller utvidast. Ho kjem ofte i gong alt for seint, og er for lite grundig. Språket kjem ikkje under huda, noko mange av oss, som seinare ønskjer å nytta nynorsk, har erfart. Betre opplæring i begge målformer ville også setta fleire i stand til å fritt velja kva målform dei sjølv vil nytta. Er det frykta for at fleire vil velja nynorsk, som skremmer «sidemålsmotstandarane»?
Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT