Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, lørdag 4. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120204
Innenriks
Onsdag 10. februar, 2010
Sosialt skeivt tilbod
KRITISK:- Eg vart betenkt da eg så kor velutdanna og godt stilte dei er, dei som oftast får behandling hos avtalespesialistane, seier Haldis Hjort.

Sosialt skeivt tilbod

Onsdag 10. februar, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
KLASSESKILJE: Dess høgare utdanning du har, dess større er sjansen for at du får den beste og billegaste behandlinga for psykiske lidingar, ifølgje ein ny Sintef-rapport.

Dei med lågast sosial status har dårlegast sjanse til å få behandling hos dei psykologane og psykiatrane som gir det rimelegaste, kanskje også det beste tilbodet. Frå før er det dokumentert at dei med lågast sosial status er mest utsette for psykiske problem, mellom anna i ein studie om samanhengen mellom sosiale skilnader og sosiale probem som Folkehelseinstituttet har gjennomført.

Klassedelt

Psykolog Haldis Hjort skriv i det nyaste nummeret av Tidsskrift for Norsk psykologforening om ei ny undersøking som viser at dei som har den høgaste utdanninga, har inntekt av eige arbeid og dermed ikkje treng trygdeytingar, er dei som har størst sjanse til å nå fram i køen hos dei psykologane og psykiatrane som er såkalla avtalespesialistar.

- Eg vart betenkt da eg såg tala på kor velutdanna og godt stilte dei er, dei som oftast får behandling hos avtalespesialistane, seier Hjort til Klassekampen.

Avtalespesialistar er i denne samanhengen psykologar og psykiatrar som får offentleg driftstilskott og har refusjonsordning som gjer at pasientane berre betaler til dei når taket på frikortet (1840 kroner), og får resten av behandlinga gratis, uansett kor mange timar det måtte bli i løpet av året. Spesialistar utan driftstilskott avgjer timeprisen sjølve, og fordi det er «seljars marknad», kostar behandlinga gjerne 700 kroner timen eller meir.

Velutdanna pasientar

Hjort, som sjølv er avtalespesialist og vitskapleg rådgivar ved Sintef Helsetjenesteforskning, har vore med på å laga ein rapport om polikliniske pasientar innan psykisk helse.

Den viser at 45 prosent av pasientane hos avtalespesialistar har fullført ein grad frå høgskole eller universitet, medan det gjeld berre 27 prosent av befolkinga i landet.

60-70 prosent av pasientane hos avtalespesialistane lever av inntekt av eige arbeid, medan det gjeld berre om lag 50 prosent av dei som er pasientar ved poliklinikkar ved distriktspsykiatriske senter (DPS).

Best og billegast

At avtalespesialistane gir det beste behandlingstilbodet, grunngir Hjort slik:

- I tillegg til at dei har ei fagleg spesialisering, har dei lang erfaring. Det siste kjem av at heimlane for avtale om driftstilskott ofte blir tildelte ut frå ansiennitetskriterium. Avtalespesialistane kan dessutan tilby ei mykje meir langvarig behandling enn det som er vanleg ved poliklinikkane.

Forklaringa på at dette tilbodet i praksis er så skeivt fordelt, meiner ho blant anna ligg i at pasientane vanskeleg når fram. Dei fleste avtalespesialistane har fulle avtalebøker, lange ventelister, ein del har også gitt opp å ha ventelister. Dei som ønskjer behandling, får gjerne ei liste av fastlegen over avtalespesialistar, og så er det opp til pasienten å ringja rundt eller prøva å få kontakt på anna vis. Mange møter berre ein telefonsvarar. Somme skriv brev der dei gjer greie for eigne problem og kva dei trur dei treng av behandling.

- Dei med høg sosioøknomisk profil er gjerne dei flinkaste til å skriva brev, seier Hjort.

- Paradoksalt

Odd Steffen Dalgard, professor emeritus og forskar ved Folkehelseinstituttet, har forska på samanhengen mellom klassebakgrunn og psykiske lidingar. Han ser dette i samanheng med kjende fakta om at dei som har lavest sosial status, minst utdanning og inntekt, har mest psykiske helseproblem.

- Det er paradoksalt at dei som har minst utdanning, skal ha dårlegast sjanse til å få spesialistbehandling. Dette tydeleggjer den sosiale ulikskapen. Dei som har mest sjukdom, får minst hjelp, seier Dalgard til Klassekampen.

- Slik dette tilbodet er organisert, kan det sjå ut til at det har noko med personane sjølve, kven som har ressursar til å nå fram til behandlarane. Det må vera ei utfordring å gjera dette hjelpetilbodet mest mogeleg tilgjengeleg for dei som har bruk for det, seier Dalgard.

Urettferdig fordeling

Driftstilskottet er ein vesentleg del av inntekta for avtalespesialistane, det er ikkje få offentlege kroner som blir brukt til dette. Dei regionale helseføretaka har driftsavtalar med spesialistane, og står for fordelinga av tilskotta.

Det ser ikkje ut til å vera nokon offentleg kontroll med kven som får nyta godt av det tilbodet avtalespesialistane kan gi. Den einskilde avtalespesialisten avgjer sjølv kva for pasientar ho eller han seier ja til.

- Kva kan gjerast for å få til ei meir rettferdig fordeling?

- Vi bør bli meir medvitne, vurdera nærare kven som treng oss mest, og rå dei som har god råd til å søkja spesialistar med høgare prisar. Det bør også lagast eit offentleg system som fordeler retten til behandling betre, seier Hjort.

Seljars marknad

Ho peiker på at det er mange som vil ha terapi, bransjen er prega av marknadsliberalisme. Fleire nyutdanna psykologar startar eigen praksis og tener godt på det. Det er heller ikkje alle spesialistar som ønskjer driftstilskott, da står dei friare i å fastsetja takstane sjølve, og får mindre mas frå det offentlege om rapportering. Avtalespesialistane må halda seg til faste takstar, senda rekneskap og meldingar kvar 14.dag til Nav.

- I løpet av opptrappingsplanen for psykisk helse (2000-2008) har talet på avtalespesialistar ikkje auka, medan det vart etablert mange nye stillingar i poliklinikkane. Kvifor, sklle eg gjerne spørja helsestyremaktene om. Vi avtalespesialistar er i fagleg dyktig gruppe innafor psykisk helsevern, seier Hjort.

Kultur & medier
Lørdag 4. februar, 2012
En nødvendig naivitet

En nødvendig naivitet

Under påvirkning av hasj og LSD klarte hippiebevegelsen å forandre normene i det danske samfunnet, mener forfatter Peter Øvig Knudsen.
Utenriks
Lørdag 4. februar, 2012
- Vi er ikke redde for å dø

- Vi er ikke redde for å dø

FORBEREDT: «Vi er ikke lenger redde for å dø!», skrev Karim Adel ­Khozam (18) nylig på sin Facebook-side. Onsdag døde han i fotball­opptøyene i Egypt.
Innenriks
Lørdag 4. februar, 2012
Ap avviser kursendring

Ap avviser kursendring

STØ KURS: Arbeiderpartiet bekrefter fornyet jakt på «midten-velgerne» fram mot 2013. Men partiet skal verken til venstre eller høyre i politikken, sier partisekretær Raymond Johansen.
Dagens leder
Lørdag 4. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Taktfaste rop

Taktfaste rop

Dagens leder
Powered by eonBIT