
Vurderer nedlegging av Une
Torsdag 19. februar, 2009
Advokatforeningen sitt tilbod om gratis rettshjelp i utlendingssaker har ført til at avslag i ei rekkje asylsaker har blitt omgjort. Ein del saker har fått ny vurdering i Utlendlingsnemnda (Une), andre har blitt endra i tingretten.
Une oppfattar ikkje desse resultata som ein vesentleg kritikk.
- Det er det altfor tidleg å seia noko som helst om etter berre ein rettskraftig dom i saksøkjars favør blant dei sakene gruppa har tatt opp, er svaret frå informasjonssjef Bjørn Lyster i Une.
Vil ha politisk styring
Per Willy Amundsen, innvandringspolitisk talsmann for Frp, synest ikkje resultata frå Advokatforeningen si aksjonsgruppe er mykje å bry seg om. Men han vil likevel ha meir politisk styring av desse sakene.
- Vi vil tilbake til at regjeringa behandlar ankesaker. Vi vil leggja ned Une og oppretta eit nytt innvandrings- og integreringsdepartement som tar seg av dette, seier Frp-representanten.
- På generell basis er det ingen grunn til ikkje å ha tiltru til at dei som treng opphald, får det. Det er ikkje overraskande at Advokatforeningen si aksjonsgruppe vinn når politisk motiverte advokatar har plukka ut dei sakene dei har størst sjanse til å vinna. Dette er ingen kritikk av Une, til det er det for små tal, seier Amundsen til Klassekampen.
Vurderer nedlegging
Arild Stokkan-Grande, innvandringspolitisk talsmann for Arbeidarpartiet, meiner det er interessant å vurdera ei nedlegging av Une og overføring av klagesaker til domstolane.
- Kvar sak som får eit anna utfall i retten enn i utlendingsforvaltinga, er alvorleg. Dersom Une taper ei rettssak, bør dei akseptera dommen og ikkje anka. Det må ikkje gå prestisje i desse sakene. Vi må ha ei utlendingsforvalting som det kan vera full tiltru til, seier Stokkan-Grande til Klassekampen.
Fleirtalet i Stortinget bad i fjor vår regjeringa oppnemna eit utval som kan gjennomgå klagebehandlinga i utlendingsforvaltinga. Dette utvalet er enno ikkje oppnemnt. Stokkan-Grande meiner det er viktig at det kjem i gang før valet.
Vil bruka domstolane
Rolf Reikvam (SV) er ikkje i tvil om at det må endringar til.
- Une, som er konstruert som ein kombinasjon av forvalting og domstol, er ein bastard som ikkje har livets rett, seier Reikvam.
Han meiner eksempla frå aksjonsgruppa er eit viktig korrektiv til utlendingsforvaltinga.
- Vi må få ein ny ankeinstans innafor forvaltinga, og på same tid leggja til rette med økonomisk støtte til rettshjelp slik at domstolsbehandling kan vera ein reell rett for alle, seier SV-representanten.
- Klar korreks
Morten Tjessem, generalsekretær i Noas, er ikkje i tvil om at resultata frå Advokatforeningen si aksjonsgruppe er ein klar korreks til Une.
- Når ein som fekk avslag i Une, får innvilga asyl av tingretten, seier det noko om at val av behandlingsform i Une må vurderast, seier Tjessem. Den saka han nemner, var behandla av nemndleiar åleine i Une, som ei sak «uten vesentlige tvilsspørsmål».
- Noas meiner likevel at Une har fordelar jamført med det som var før, legg han til. Før 2001 var Justisdepartementet ankeinstans for saker som hadde fått avslag i Utlendingsdirektoratet.










