
Frihandel mot fattigdom
Tirsdag 18. januar, 2005
Meir enn 500 millionar menneske skal «løftast» ut av ekstrem fattigdom. Meir enn 300 millionar skal ikkje lenger lida av svolt. 30 millionar småbarn som elles ville døydd før femårsdagen skal få leva opp. 350 millionar menneske skal få reint drikkevatn. Og alt dette skal skje på ti år.
Ambisjonane er enorme. Men så var det også ein av verdas mest kjente økonomar som i går overleverte «Ein praktisk plan for å oppnå Tusenårsmåla» til FNs generalsekretær Kofi Annan. Amerikanske Jeffrey Sachs har stått i spissen for 10 arbeidsgrupper med over 250 ekspertar frå heile verda. Rapporten dei leverte frå seg i går peikar ut «vegen framover» til å nå Tusenårsmåla som FNs Milleniumsforsamling vedtok i 2000 (sjå faktaboks). Samtidig med overleveringa i New York, vart rapporten i går presentert av utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson i Oslo.
Sachs kunngjer at «2005 bør vera inngangen til eit tiår med modig handling». Tiltaka han presenterer i rapporten som vart lansert verda over i går kan oppsummerast i tre hovudpunkt:
Dei rike landa doblar uhjelpa på ti år.
Alle land gjennomfører full deregulering av handel med industrivarer, seinast 2025.
Alle land gjennomfører kraftig deregulering av handel med tenester, seinast 2025.
Sjokkterapi
Sachs er best hugsa som arkitekten bak «sjokkterapien» for dei austeuropeiske økonomiane på 1990-talet. Då var det full deregulering og privatisering i full fart som gjaldt. No er utviklingsoppskrifta endra. Full deregulering er framleis målet. Men i kampen for FNs Tusenårsmål trengst det meir tid enn Aust-Europa fekk. Og det trengst masse u-hjelp.FNs mål er at dei rike landa skal gje 0,7 prosent av brutto nasjonalproduktet (BNP) i bistand til fattige land. I dag når berre Noreg, Danmark, Sverige, Nederland og Luxemburg dette målet. Den totale årlege u-hjelpa i 2015 må, for å nå alle Tusenårsmåla, vera 189 milliardar dollar, estimerer Sachs-rapporten. Dette svarer omlag til USAs utgifter til krigen i Irak så langt.
«USA for, for eksempel, bruker no rundt 450 milliardar dollar i året på militæret, men mindre enn 15 milliardar på utviklingshjelp. Dette er eit mistak», kommenterte Sachs i den syndikerte aviskommentaren sin ved inngangen til 2005. Rapporten appellerer på det sterkaste til dei rike landa om å innfri løfta om gjeldsslette og meir u-hjelp.
Gjeldsslette
Gjeldsslette er viktig nok til at ordet blir nemnt seks gonger i kortversjonen av Sachs-rapporten. «Doha» blir nemnt åtte gonger. Rapporten legg maksimal vekt på at dei pågåande forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) - Doha-runden - blir sluttførte. WTO-landa har sidan samanbrotet i Seattle i 1999 hatt store problem med å få konsensus om ytterlegare deregulering av handelen med varer og tenester. No vil Jeffrey Sachs og dei 250 ekspertane hans ha fortgang:«Vi tilrår at dei politiske leiarane globalt fyrst blir samte om eit passe langsiktig mål (til dømes 2025) for den fullstendige fjerninga av handelshinder for varer, ei kraftig liberalisering av handel med tenester over heile fjøla og universell handheving av prinsippa gjensidigheit og ikkje-diskriminering».
Handel med tenester er regulert gjennom WTO-avtalen Gats (General agreement on trade in services), som er kontroversiell fordi den pressar i retning internasjonal privatisering av offentlege tenester som vassforsyning, helsevesen og utdanning. På dette området tilrår Sachs-rapporten at rike og fattige land gjer denne byttehandelen i WTOs Doha-runde: Dei fattige landa opnar for utanlandske investeringar og at utanlandske selskap etablerer seg i landet, mot at dei rike landa opnar for meir mellombels arbeidsinnvandring i tenestesektoren.
Frihandel og hjelp
I motsetnad til sin sjokkterapautiske fase meiner Jeffrey Sachs no at frihandel kan vera øydeleggjande for land med veike økonomiar. I rapporten står det at «utan grunnleggjande infrastruktur og menneskeleg kapital, blir land dømt til å eksportera eit smalt utval av råvarer med låg forteneste». Under slike vilkår «kan globalisering ha negative verknader - inkludert hjerneflukt, miljørasering, tap av biologisk mangfald, kapitalflukt og forverra handelsvilkår».Derfor, vedgår rapporten, kan fattige land ha «tilpassingskostnader» når dei «tilpassar seg til liberalisering». For å koma dette problemet i møte, foreslår Jeffrey Sachs ei sterkare kopling mellom frihandel og u-hjelp: Dei rike landa bør i ein overgangsfase oppretta eit «Aid for Traid»-fond. I dette fondet kan dei rike landa plassera bidstandspengar «for å ta fatt i tilpassingskostnadene som er assosiert med gjennomføringa av ein Doha reform-agenda».
«Aid for Trade» opnar for at lovnader om uhjelp som skal bidra til FNs Tusenårsmål kan koplast direkte til krav om marknadstilgang under forhandlingane i WTO.
@sitat:«FNs mål er at dei rike landa skal gje 0,7 prosent av BNP i bistand»@@sitat:«Full deregulering er framleis målet»@Meir enn 500 millionar menneske skal «løftast» ut av ekstrem fattigdom. Meir enn 300 millionar skal ikkje lenger lida av svolt. 30 millionar småbarn som elles ville døydd før femårsdagen skal få leva opp. 350 millionar menneske skal få reint drikkevatn. Og alt dette skal skje på ti år.
Ambisjonane er enorme. Men så var det også ein av verdas mest kjente økonomar som i går overleverte «Ein praktisk plan for å oppnå Tusenårsmåla» til FNs generalsekretær Kofi Annan. Amerikanske Jeffrey Sachs har stått i spissen for 10 arbeidsgrupper med over 250 ekspertar frå heile verda. Rapporten dei leverte frå seg i går peikar ut «vegen framover» til å nå Tusenårsmåla som FNs Milleniumsforsamling vedtok i 2000 (sjå faktaboks). Samtidig med overleveringa i New York, vart rapporten i går presentert av utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson i Oslo.
Sachs kunngjer at «2005 bør vera inngangen til eit tiår med modig handling». Tiltaka han presenterer i rapporten som vart lansert verda over i går kan oppsummerast i tre hovudpunkt:
Dei rike landa doblar uhjelpa på ti år.
Alle land gjennomfører full deregulering av handel med industrivarer, seinast 2025.
Alle land gjennomfører kraftig deregulering av handel med tenester, seinast 2025.
Sjokkterapi
Sachs er best hugsa som arkitekten bak «sjokkterapien» for dei austeuropeiske økonomiane på 1990-talet. Då var det full deregulering og privatisering i full fart som gjaldt. No er utviklingsoppskrifta endra. Full deregulering er framleis målet. Men i kampen for FNs Tusenårsmål trengst det meir tid enn Aust-Europa fekk. Og det trengst masse u-hjelp.
FNs mål er at dei rike landa skal gje 0,7 prosent av brutto nasjonalproduktet (BNP) i bistand til fattige land. I dag når berre Noreg, Danmark, Sverige, Nederland og Luxemburg dette målet. Den totale årlege u-hjelpa i 2015 må, for å nå alle Tusenårsmåla, vera 189 milliardar dollar, estimerer Sachs-rapporten. Dette svarer omlag til USAs utgifter til krigen i Irak så langt.
«USA for, for eksempel, bruker no rundt 450 milliardar dollar i året på militæret, men mindre enn 15 milliardar på utviklingshjelp. Dette er eit mistak», kommenterte Sachs i den syndikerte aviskommentaren sin ved inngangen til 2005. Rapporten appellerer på det sterkaste til dei rike landa om å innfri løfta om gjeldsslette og meir u-hjelp.
Gjeldsslette
Gjeldsslette er viktig nok til at ordet blir nemnt seks gonger i kortversjonen av Sachs-rapporten. «Doha» blir nemnt åtte gonger. Rapporten legg maksimal vekt på at dei pågåande forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO) - Doha-runden - blir sluttførte. WTO-landa har sidan samanbrotet i Seattle i 1999 hatt store problem med å få konsensus om ytterlegare deregulering av handelen med varer og tenester. No vil Jeffrey Sachs og dei 250 ekspertane hans ha fortgang:
«Vi tilrår at dei politiske leiarane globalt fyrst blir samte om eit passe langsiktig mål (til dømes 2025) for den fullstendige fjerninga av handelshinder for varer, ei kraftig liberalisering av handel med tenester over heile fjøla og universell handheving av prinsippa gjensidigheit og ikkje-diskriminering».
Handel med tenester er regulert gjennom WTO-avtalen Gats (General agreement on trade in services), som er kontroversiell fordi den pressar i retning internasjonal privatisering av offentlege tenester som vassforsyning, helsevesen og utdanning. På dette området tilrår Sachs-rapporten at rike og fattige land gjer denne byttehandelen i WTOs Doha-runde: Dei fattige landa opnar for utanlandske investeringar og at utanlandske selskap etablerer seg i landet, mot at dei rike landa opnar for meir mellombels arbeidsinnvandring i tenestesektoren.
Frihandel og hjelp
I motsetnad til sin sjokkterapautiske fase meiner Jeffrey Sachs no at frihandel kan vera øydeleggjande for land med veike økonomiar. I rapporten står det at «utan grunnleggjande infrastruktur og menneskeleg kapital, blir land dømt til å eksportera eit smalt utval av råvarer med låg forteneste». Under slike vilkår «kan globalisering ha negative verknader - inkludert hjerneflukt, miljørasering, tap av biologisk mangfald, kapitalflukt og forverra handelsvilkår».
Derfor, vedgår rapporten, kan fattige land ha «tilpassingskostnader» når dei «tilpassar seg til liberalisering». For å koma dette problemet i møte, foreslår Jeffrey Sachs ei sterkare kopling mellom frihandel og u-hjelp: Dei rike landa bør i ein overgangsfase oppretta eit «Aid for Traid»-fond. I dette fondet kan dei rike landa plassera bidstandspengar «for å ta fatt i tilpassingskostnadene som er assosiert med gjennomføringa av ein Doha reform-agenda».
«Aid for Trade» opnar for at lovnader om uhjelp som skal bidra til FNs Tusenårsmål kan koplast direkte til krav om marknadstilgang under forhandlingane i WTO.
@sitat:«FNs mål er at dei rike landa skal gje 0,7 prosent av BNP i bistand»
@@sitat:«Full deregulering er framleis målet»
@










