Torsdag 6. desember 2018
FORSVARER RAJA: Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark meiner Abid Raja er viktig for Venstre. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN
Unge Venstre-leiar meiner moderpartiet må bli tydelegare på eigen politikk:
Vil ha fleire som Raja
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.

VENSTRE

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark vil ha fleire venstrefolk som Venstre sin finanspolitiske talsperson Abid Raja.

Raja er for tida sjukmeldt etter at partileiar Trine Skei Grande skjelte han ut i ein telefonsamtale med Høgres Henrik Asheim.

Skyljebøtta kom under budsjettforhandlingane som Raja leidde for Venstre. Grande var på tidspunktet ikkje klar over at samtalen stod på høgtalarfunksjon, og at Raja og Frps Helge André Njåstad kunne høyre det som vart sagt.

Hansmark vil ikkje kommentere konflikten mellom Grande og Raja, men forsvarar Raja si rolle på Stortinget.

– Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin primærpolitikk, og som pushar våre folk i regjering.

Til Klassekampen seier Hansmark at det må vere lov for stortingsrepresentantar å seie ifrå om kva dei forventar av Venstre i regjering.

– Vi trenger fleire som gjer som Raja, seier han.

Fakta

Trøbbel i Venstre:

• Ifølge Dagens Næringsliv sa Venstre-leiar Trine Skei Grande at Venstre-politikar Abid Raja undergrev heile regjeringsprosjektet i et telefonmøte med Henrik Asheim (H), Helge André Njaastad (Frp) og Abid Raja (V). Grande visste ikkje at telefonen var sett på høgtalarfunksjon, og trudde ho berre snakka med Asheim.

• Abid Raja er for tida sjukemeld, og ifølge Dagens Næringsliv er årsaka samtalen med Grande.

• Trine Skei Grande har unnskyldt seg til Raja.

Skuffa over HRS-støtte

Grande har peika på den omstridde pengestøtta til organisasjonen Human Rights Service (HRS), leidd av Hege Storhaug, som ei årsak til usemja mellom henne og Raja. Støtta vart kutta i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, eit kutt Frp ville oppheve.

Venstre, derimot, ville behalde kuttet. Grande gjekk med på å innfri Frp sitt ønske om å ikkje kutte støtte til HRS, noko Hansmark er skuffa over.

– Venstre si stortingsgruppe var tydelege på at vi ville kutte i støtta til HRS. Abid hadde gruppa i ryggen på det, seier Hansmark.

– HRS bidreg ikkje til integrering, slik formålet med pengestøtta er. Tvert imot bidreg dei til å sette muslimar og andre opp imot kvarandre.

Intern frustrasjon

Venstre ligg for tida under sperregrensa på meiningsmålingane. I går kom VG med ei fersk måling som nok ein gong plasserte Venstre nede på 3-talet, nærare bestemt på 3,4 prosent. Med eit slikt valresultat ville Venstre ha tapt seks av åtte stortingsrepresentantar.

Hansmark trur krisemålingane kjem av at folk er usikre på kva Venstre står for.

– Partileiinga forsvarer berre regjeringsplattforma. I samarbeid med Frp har Erna Solberg signalisert at regjeringspartia har rom for snakke om eigne primærstandpunkt.

Unge Venstre-leiaren viser til debatten om relokalisering av asylsøkjarar internt i EU som eit eksempel der Venstre ikkje greidde å nå ut med sin ståstad.

– Siv Jensen gjekk ut og sa at Frp ikkje vil ta imot EU-flyktningar. Erna Solberg sa «vi er på linje med EU». Venstre sitt svar var at «vi skal nok finne ei god løysing på dette i regjeringa». Slikt gjer folk usikre på kva Venstre meiner, seier Hansmark.

– Dette skaper frustrasjon internt, legg han til.

Vil lære av Frp

Hansmark meiner Venstre bør lære av Frp, som er flinke til å profilere eigen politikk på sida av regjeringsdeltakinga.

– Det er meir bompengar enn nokoinne, men Frp klarer seg fint likevel, fordi dei seier at dersom det berre hadde vore opp til Frp, ville det ikkje vore slik.

Hansmark seier at Venstre bør signalisere til veljarane at dersom Venstre fekk bestemme åleine ville ein hatt ein meir offensiv klimapolitikk, ein sterkare skulepolitikk og ein meir liberal ruspolitikk.

– Har du lufta denne frustrasjonen med partileiinga?

– Det gjer Unge Venstre. Det er vår rolle.

Rusreform

Hansmark seier Venstre bør «lausrive seg litt frå arbeidet i regjeringa». Partiet har i dag tre statsrådar for kultur, klima og høgare utdanning.

– Trine har vore flink på å profilere Venstre her. Men vi må vise fram meir.

Hansmark meiner Venstre bør ta større eigarskap til rusreforma som regjeringa har sett i gang.

– Det er Venstre sin reform. Vi har fått gjennomslag for brukarrom og for å opne for at det blir lov å inhalere heroin.

– Er du uroa for rusreforma no som KrF, med sin meir restriktive politikk, skal bli regjeringspartnar?

– Ja, det er klart eg er. KrF er blant dei einaste partia som ikkje har fornya ruspolitikken sin, seier Hansmark.

Han legg til at han har tillit til helseminister Bent Høie i saka.

– Brukarrom og inhalering av heroin skal handsamast i Stortinget før nyttår. Det er før KrF rekk å kome med i regjeringa.

politikk@klassekampen.no

Fredag 20. september 2019
UTÅLMODIG: USAs ambassadør har møtt representanter fra utenrikskomiteen med klar beskjed: Norge må bruke mer penger på Forsvaret, eller risikere å stå alene.
Onsdag 18. september 2019
VIL SNAKKE: Flere LO-forbund har kontant avvist å inkludere MDG i en rødgrønn koalisjon i 2021. Nå inviterer MDG fagbevegelsen til samtaler.
Torsdag 12. september 2019
VINNAR: Etter ein knusande val­siger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nord­kapplatået.
Onsdag 11. september 2019
NØTT: Mens LO-leder Hans-Christian Gabrielsen er avvisende til et mulig nasjonalt MDG-samarbeid, vil ikke Mette Nord i Fagforbundet utelukke en slik allianse.
Tirsdag 10. september 2019
OPPVASK: Etter nok et smertefullt valg ber tidligere Ap-topp Helga Pedersen partiet om å alliere seg med MDG for å vinne regjeringsmakt i 2021.
Mandag 9. september 2019
POSISJON: MDG håper et brakvalg i dag vil gi makt i en rekke byer. Nasjonal talsperson Arild Hermstad åpner for å ta partiet inn i regjering i 2021.
Fredag 6. september 2019
AVTALE: Oslo-byrådet har fått med seg fagbevegelsen på å godta langturnuser i barnevernet. Nå lover Inga Marte Thorkildsen (SV) at alle kommersielle skal ut av Oslos barnevern innen 2021.
Torsdag 5. september 2019
DYRT: Bent Høie (H) inviterer helse­sektoren til nettverksbygging og faglig påfyll om Sykehus-Norge. Prislappen kan føre til at bare dem som er på innsida, har råd, sier fag­forening.
Onsdag 4. september 2019
TRAVELT: Om 120 dager blir fire kommuner til én. Nå tømmer de tvangssammenslåtte kommunene i Senja sparekassa før det er for seint.
Tirsdag 3. september 2019
BORGERLIGE GNISNINGER: I Unge Høyres interne strategi til skole­valgene, legges det opp til å «kaste KrF hardt under bussen» og å ta avstand fra KrFs kvinnesyn.