Som nyvald leiar i Raud Ungdom går Amrit Kaur rett inn i Raudt-leiinga. Ho er usamd med moderpartiet på fleire sentrale punkt.

Kritikar går inn i leiinga til Raud Ungdom og Raudt

NØGD: Amrit Kaur er nøgd med å vere ny leiar i Raud ungdom og vil gjerne sjå framover. Her er ho fotografert på Youngstorget i Oslo. Foto: Anniken C. Mohr

På Raud Ungdom (RU) sitt dramatiske landsmøte i helga vart Amrit Kaur vald til ny leiar. Liv Müller Smith-Sivertsen vart kasta som leiar av landsmøtet og fekk berre 20 av dei 61 røystene. Før det skulda ho Kaur for å ville kuppe RU.