Sp-nestor og bonde Per Olaf Lundteigen langar ut mot både regjeringa og høgresida etter jord­­bruksdramaet i Stortinget sist veke.

– Mat er viktigare enn våpen

Verdi: Sp-politikar Per Olaf Lundteigen meiner Stortinget ikkje er villige til å betale det det kostar å lage mat. Her er han fotografert på Myrefjell seter ved Veggli i Rollagg kommune. Foto: Adrian Øhrn Johansen

Det skulle bli det største landbruksløftet på over 30 år. Regjeringa hadde lova at bøndene endeleg skulle opp på nivå med resten av samfunnet. Bøndene kravde at tala ein skulle bruke for å greie det, skulle vere ærlege. I staden enda det med politisk fiasko og grinande bønder på Eidsvolls plass.