Onsdag 28. november 2018
FÅR STØTTE: Flest fylkeslag har spelt inn Torgeir Knag Fylkesnes som ny nestleiar i SV, men fleire fylkeslag skal ta ei avgjerd i tida framover. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
Torgeir Knag Fylkesnes har størst støtte frå fylkeslag i kampen om nestleiarvervet i SV:
Fylkar seg om Fylkesnes
NESTLEIAR-KAMP: Sju av SV sine fylkeslag har spelt inn Torgeir Knag Fylkesnes som ny nestleiar i SV. Tre har spelt inn Kari Elisabeth Kaski.

SV

Torgeir Knag Fylkesnes ligg førebels i tet i nestleiarkampen i SV. Det er viser ei kartlegging Klassekampen har gjort. Medan sju fylkeslag har spelt inn Fylkesnes som nestleiarkandidat til SV sin valkomite, har tre fylkeslag spelt inn motkandidaten Kari Elisabeth Kaski.

13. november gjekk Kaski og Fylkesnes ut i Klassekampen og slo fast at dei begge vil kjempe om å bli nestleiar i SV etter Snorre Valen som tidlegare i haust varsla at han ikkje tek attval.

Etter det Klassekampen erfarer er Fylkesnes spelt inn frå fylkeslaga Troms, Agder, Trøndelag, Nordland, Rogaland og Hordaland. Kaski er spelt inn frå Oslo og Møre og Romsdal. Akershus SV har spelt inn både Fylkesnes og Kaski.

Fylkeslaga Buskerud, Østfold, Vestfold, Telemark og Finnmark har ikkje spelt inn nokon kandidat, men varslar at nestleiarvalet vil bli diskutert framover. Hedmark fylkeslag ville ikkje kommentere saka. Heller ikkje Sogn og Fjordane og Oppland har spelt inn kandidat, men fylkesleiarane der peikar på høvesvis Fylkesnes og Kaski som favorittar.

Fakta

Nestleiarkamp i SV:

• Snorre Valen varsla i september at han ikkje tek attval som SV-nestleiar.

• Både Kari Elisabeth Kaski og Torgeir Knag Fylkesnes har varsla at dei stiller som nestleiarkandidatar.

• Kaski er tidlegare partisekretær for SV, sit i dag på Stortinget for Oslo SV og i SV-leiinga som AU-medlem. Ho har sin bakgrunn frå miljørørsla og blir rekna som ein klimaprofil.

• Torgeir Knag Fylkesnes representerer Troms på Stortinget og er særleg engasjert i distrikts- og næringspolitikk.

• I SV-leiinga sit dessutan partileiar Audun Lysbakken, nestleiar Kirsti Bergstø, partisekretær Audun Herning og avtroppande nestleiar Snorre Valen.

Luksusproblem

Kaski kjem frå Finnmark, men er i dag valt inn som stortingsrepresentant for Oslo SV og sit i Stortingets finanskomité. Ho er i dag ein del av SV-leiinga som såkalla AU-medlem. Til Klassekampen har Kaski trekt fram klima og fordelingspolitikk som sine hjartesaker.

Fylkesnes er valt inn på Stortinget frå Troms og står bak SV-kampanjen «Ja til Nord-Norge», der fiskeripolitikk står sentralt. Han har lansert seg sjølv som ein distriktskandidat som kan breie ut SV sin profil.

«SV må være mer enn klimakutt og offentlig sektor», sa han til Klassekampen då han lanserte sitt nestleiarkandidatur.

Til Klassekampen seier fylkesleiar Vibeke Johnsen i Sogn og Fjordane SV at ho har snakka med fylkesstyret sitt og at konklusjonen er at nærings- og distriktsprofilen til Fylkesnes gjer at han er favoritt.

–Distriktsperspektivet er viktig for oss, seier ho på telefon.

Fylkesleiar i Oppland SV Mizanur Rahaman, som understrekar at han snakkar på vegner av seg sjølv, held ein knapp på Kaski. Han legg til at han ikkje trur at SV nokon gong har hatt to så sterke kandidatar til nestleiarvervet.

– Det er eit luksusproblem at både Kaski og Fylkesnes stiller. Eg blir like godt nøgd uansett kven som går av med sigeren, men førebels held eg ein knapp på Kaski. Ho har levert langt over forventningane både som partisekretær og i finanskomiteen, seier Rahaman.

Ope i Finnmark

Sjølv om Kaski har bakgrunn frå Finnmark, vil ikkje fungerande leiar for Finnmark SV Silja Støyva Arvola seie kven som favoritt av Kaski og Fylkesnes.

– Eg er strålande godt nøgd med begge to. Dei har ulike kvalitetar. Så må vi diskutere i fylkesstyret om vi eventuelt skal gå ut og støtte ein av dei etter kvart, seier Arvola på telefon til Klassekampen.

I Hordaland håper fylkeslaget at Fylkesnes skal bli ny nestleiar. Dermed har han samla støtte i det som skal bli nye Vestland fylke etter at Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman. I ei melding til Klassekampen skriv fylkesleiar Gina Barstad at det er «noe litt Berge Furre over Torgeir». Det er godt skottsmål i SV-samanheng: Tidlegare SV-leiar Berge Furre var ein av dei som stifta partiet i si tid, og var ein ihuga landbrukspolitikar.

Også Barstad løftar fram nærings- og distriktsprofilen til Fylkesnes.

«Han gir partiet bredde og er uredd når han konfronterer pengemakten her til lands», skriv ho.

Vil ha kjønnsbalanse

Lenger nord på Vestlandet, i Møre og Romsdal, er det derimot stemning for Kaski. Fylkesleiar Kim Thoresen peikar på kjønnsbalanse som viktig for SV. I ein sms til Klassekampen skriv han om Kaski at ho har gjort ein fantastisk jobb, og at SV «har mannlig leder og partisekretær i dag, og dermed skulle det bare mangle om vi ikke velger en kvinne til nestleder slik at fordelinga i partiledelsen blir god kjønnsmessig».

Thoresen får støtte frå Oslo SV. Fylkesleiar i Oslo Sunniva Holmås Eidsvoll er også leiar for SV sin valkomite. Klassekampen har snakka med nestleiar Hanne Lyssand som stadfestar at Oslo har spelt inn Kaski.

– Oslo SV meiner at SV ikkje kan ha tre menn og ei kvinne i toppleiinga, seier Lyssand til Klassekampen.

Ho legg til at ho meiner Kaski er den beste kandidaten uavhengig av kjønn.

– Kaski har klimakompetanse, som er viktig for SV. Dessutan er ho den beste strategen og organisasjonsutviklaren i partiet.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.
Torsdag 29. november 2018
INNVANDRING: Torbjørn Røe Isaksen (H) tek opp konkurransen i asyl- og flyktningpolitikken mot Sylvi Listhaug (Frp) og Masud Gharahkhani (Ap).
Onsdag 28. november 2018
NESTLEIAR-KAMP: Sju av SV sine fylkeslag har spelt inn Torgeir Knag Fylkesnes som ny nestleiar i SV. Tre har spelt inn Kari Elisabeth Kaski.
Tirsdag 27. november 2018
FORSTÅR: Frps Per-Willy Amundsen sier han forstår fagbevegelsens uro for EØS-avtalen.
Fredag 23. november 2018
STERK KRITIKK: KrF går knallhardt ut mot regjeringen i terrorsikringssaken, men vil ikke bli med på et mistillitsforslag. Tilliten mellom partiene er likevel svekket på borgerlig side, sier Frp-topp.