Lørdag 27. oktober 2018
RÅD: Beredskapssjef i Statens strålevern Astrid Liland ber folk følge myndigheitenes råd om å kjøpa jodtablettar. Fleire faktorar bidrar til auka fare for eit alvorleg atomutslepp.
For fyrste gang sidan den kalde krigen jobbar myndigheitene med ein ny beredskapsplan for eit atomvåpenåtak:
Ny krise­plan mot atomfare
Undersak

Fiske-frykt

Bare rykter om radioaktiv forurensing kan ødelegge et av verdens viktigste spiskammer.

Barentshavet er rikt på fiskeressurser. God russisk-norsk felles forvaltning gjør at bestandene av spesielt torsk er store. Her er også krabbe, sild, lodde, hyse, sei og reker. Hvert år tas det ut sjømat verd mer enn ti milliarder kroner.

Fisken gir Norge store eksportinntekter, og skaper gode ringvirkninger langs kysten.

– Dersom man skulle oppleve noe som fører til overskridende radioaktive verdier, kan det med bakgrunn i mat­trygghet få konsekvenser for både omsetningen av og omdømmet til norsk sjømat, sier Trude Bessesen, teamleder for kommunikasjon og samfunn i Norges Sjømatråd.

Fylkesmannen i Finnmark er involvert i å rydde opp i Andrejevabukta på Kolahalvøya, noen mil fra norskegrensa. Her er det lagret brukt brensel fra atomubåter og atomisbrytere. Frykten for at radioaktivt avfall skal komme ut i Barentshavet gjør at norske myndigheter har investert 500–600 millioner i å ta avfallet til et tryggere lager.

TRUSSEL: Auka militær aktivitet frå både russisk og alliert side bidrar til å heva faren for eit alvorleg atomutslepp i Norge.

ATOMFARE

Same veke som Natos største militærøving sidan 2002 starta på norsk jord, går norske myndigheiter ut og rår folk til å kjøpa jodtablettar til å ha i tilfelle eit atomutslepp.

Sjølv om tidspunktet er tilfeldig, ifølge beredskapssjef i Statens strålevern Astrid Liland, er den auka militære aktiviteten ein del av bakteppet.

– Øvinga er ei påminning om at det er viktig å ha jod-tablettar heime, seier Liland.

Tidlegare eksisterte det eit sentralt lager med jodtablettar som skulle distribuerast ved radioaktivt forureining frå eit atomutslepp. Men for å få best effekt må jod takast veldig nært opp til eksponering for radioaktivt jod, derfor er det faglege rådet i dag at folk skal ha jod heime.

Statens strålevern, Helsedirektoratet, Apotekforeininga og Statens legemiddelverk har sidan sommaren 2017 jobba for få på plass reseptfrie jodtablettar i dei norske apoteka. Det har vist seg vanskeleg å få ein produsent til å levera jodtablettar til den norske marknaden, men no er altså ein avtale på plass.

– Det endra trusselbildet dei siste åra er årsaka til at det no blir tilgjengeleg, seier Liland, som håpar folk følger rådet.

– Uhell kan skje. Då bør folk ha jod-tablettar heime i medisinskapet sitt. Jodtablettar inneheld naturleg jod som mettar skjoldbruskkjertelen med jod, slik at han ikkje tar opp radioaktivt jod, slik at du reduserer fara for kreft i skjoldbruskkjertelen.

Fakta

Råd om jodtablettar:

• Statens strålevern rår folk til å ha jodtablettar heime i medisinskapet.

• Frå 1. november vil det vera jodtablettar tilgjengeleg i norske apotek.

• Frå same dato opnar ein rettleiingstelefon dersom folk har spørsmål om jodtablettar på nummer 815 55 015.

• Det er barn og unge under 40 år og gravide som må ta jodtablettar for å førebygga mot radioaktivt jod ved atomutslepp.

Fleire faktorar aukar fara

Fleire forhold gjer at trusselbildet er endra sidan sist gang Statens strålevern publiserte ein rapport for trusselbildet, i 2008. Blant anna:

Auka alliert militær aktivitet i Nord-Norge

Auka russisk militær aktivitet i nord

Fleire allierte atomdrivne fartøy til Norge

I rapporten kjem det også fram at Norge for fyrste gang sidan den kalde krigen greier ut eit scenario for bruk av atomvåpen nær eller på norsk territorium. Arbeidet pågår, og det er Kriseutvalet for atomberedskap som står for det.

«Norske myndigheter ser igjen på bruk av kjernefysiske våpen nær eller på norsk territorium som et ikke utenkelig scenario», heiter det.

Både ulykker knytt til båt og fly utgjer ein risiko, ifølge rapporten, som Barents Observer fyrst omtalte.

Fleire fartøy til Norge

Rapporten viser til at det tidlegare var særleg Haakonsvern orlogsstasjon i Bergen som var hamn for atomdrivne fartøy, men i aukande grad kjem fartøya til Nord-Norge, og det kjem stadig fleire allierte fartøy til Norge.

«Fra 10–15 anløp i året for noen år siden, mottar Norge nå 30–40 anløp i året av franske, britiske og amerikanske reaktordrevne ubåter», står det i rapporten.

– Etter murens fall og slutten på den kalde krigen blei det nedtrapping. Det me ser no med revitalisering av totalforsvaret, er ei opptrapping igjen, både i Norge og andre land. Også i denne samband ser me ei auka interesse for Nord-området, seier Liland.

– Vil du seia at den pågåande militære øvinga gir eit uttrykk for den auka aktiviteten, som har gitt eit endra trusselbilde?

– Ja. Det er den største Nato-øvinga i Norge sidan den kalde krigen. Det trur eg alle er einige i.

Forsvarsdepartementet gir konsesjon når atomdrivne fartøy skal i land i Norge, med Statens strålevern som rådgivande instans. I samband med den pågåande militære øvinga er det gitt éin konsesjon, ifølge Liland, til hangarskipet Harry S. Truman.

Konsesjonen er gitt med bakgrunn i at det er ein atomreaktor ombod. Det er ikkje søkt om konsesjon for atomvåpen, ifølge Liland. Ho viser til Bratteli-doktrinen frå 1975, som skal sikra at fartøy som kjem til Norge ikkje skal ha atomvåpen om bord.

Fly med atomvåpen

– De skriv også at fly med atomvåpen kan i fly nær Norge?

– Det stemmer. Utanlandske fly vil ikkje fly over norsk luftrom, men det kan henda det er fly med atomvåpen om bord nær Norge. Det finst veldig mange atomvåpen i verda, og nokre av dei finst i norsk nærområde. Me kan ikkje utelukka at det skjer ei ulykke, seier Liland.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 17. april 2019
ADVARER: Per Olaf Lundteigen (Sp) sier at regningen for fri arbeidsinnvandring kommer nå og vil at staten skal ta tilbake styringen av arbeidsstokken.
Tirsdag 16. april 2019
OMSTILLING: Kværner-sjef Sturla Magnus tror lønnsomheten vil synke og arbeidsplassene forsvinne ut av landet dersom verftet i Verdal skal slutte å levere til oljeindustrien.
Mandag 15. april 2019
NY RAPPORT: Lavere lønninger, mer økonomisk kriminalitet og flere biler på tomgang i sentrum. Dette blir konsekvensen av regjeringens drosjereform, ifølge Transportøkonomisk institutt.
Lørdag 13. april 2019
KALDT: Amerikanske bombefly langs norskekysten og en russisk skyteøvelse utenfor Lofoten. Forsvaret bekrefter at situasjonen i nord har tilspisset seg etter høstens Nato-øvelse.
Fredag 12. april 2019
I BLINDE: Forsvarets overvåkingsfly skal holde oppsikt over de enorme norske havområdene i nord. Denne bered­skapen er nå kraftig svekket.
Torsdag 11. april 2019
NOK: Ordførere på Nordmøre lover å utrede innmelding i Trøndelag etter folkekrav. Bygdeforsker mener det kan bli slutten for Møre og Romsdal som eget fylke.
Onsdag 10. april 2019
OLJESØL: Statens miljøekspertar frykta oljeutslepp kunne gje samanbrot i sjøfuglbestandar rundt Bjørnøya. Eit eksternt konsulentselskap meinte det var ugrunngitt.
Tirsdag 9. april 2019
SAMARBEID: Martin Kolberg (Ap) sier nei til samarbeid mellom Rødt og Ap. Raymond Johansen (Ap) er uenig. Ap-leder Jonas Gahr Støre mener det kommer an på partienes utvikling.
Mandag 8. april 2019
ULIKHET: En økende andel nordmenn mener personlig økonomi påvirker hvor god behandling man får i helsevesenet, ifølge årets helsebarometer.
Lørdag 6. april 2019
DYRT: Sju kraftkrevjande industrilokomotiv kan få ei ekstrarekning på 3,4 milliardar viss straumprisane aukar med 10 øre, ifølge ein ny rapport.