Klassekampen.no
Onsdag 28. mars 2018
PLASSEN: Ein studietur til Telemark i 1887 inspirerte kunstnaren Christian Skredsvig til å måle biletet «Vinjes barndomsheim Plassen i Telemark». Foto: Jacques Lathion, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Copyright: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design/The National Museum of Art, Architecture and Design
Frå motviljuge omvisarplikter til formidling av ein hengslete kar på sokkel: 200-årsjubilanten Aasmund Olavsson Vinje.
Vegen til Vinje

Fann dei det?

Ser ikkje slik ut – der er dei jammen i gang med ei ny. Dette blir lenge …

Det er ein sommardag om lag midt på 1970-talet, ute er det blå himmel – og ein skinande blank sykkel. Eg sit inne i Vinjestoga med eit par «dumme» turistar, som no leitar i den fjerde gjesteboka etter sitt eige namnetrekk – dei ser til og med ut til å bomme på tiåret! Det verkjer i kroppen etter å koma ut til pedalar, hjul og styre – men det går ikkje. Ikkje så lenge standhaftige pilegrimar går systematisk til verks for å finne ut når dei var innom stoga sist.

Slik sat far min, slik sat onkelen min, og slik sat tanta mi også. «Nokon må passe Vinjestoga», vart sagt på ein mild, men svært bestemt måte. Det var ikkje ei oppgåve ein tok lett på. Dersom det kom nokon som ville inn og sjå, skulle der vera folk i tunet som kunne låse opp, alltid.

Dette var ein arv etter ho som selde Vinjestoga til Bygdeungdomslaget i si tid, og som i sin tur gav stoga til Vinje herad. Margit Lofthus, eller Manna som ungane kalla henne, hadde ei omsut for barndomsheimen til diktaren Aasmund Olavsson Vinje, som framleis er gjeldande hjå dei som bur og driv den vesle garden Plassen. Ho formana dei som kom etter henne om alltid å ha opi hus, om å passe på at det ikkje vart store endringar rundt stoga, og at huset og minnet om han som vaks opp der vart halde i stand.

Fakta:

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870):

• Norsk forfattar, journalist, lærar og jurist fødd i Vinje i Telemark.

• Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk.

• I denne teksten skriv gardbrukar og musikar Aasmund Nordstoga om å vekse opp på same plass som namnebroren.

• Nordstoga har gitt ut fleire plater med tekstar frå Vinje, sist «Guten – songar av Aasmund Olavsson Vinje» i 2013.

Mi bestemor, eller Gome som me seier, var så innprenta med desse formaningane, at ho aldri reiste nokon stad utan at ho var 100 prosent sikker på at det var nokon heime som passa Vinje­stoga. Men ho hadde sjølvsagt anna å gjera også, så då måtte ungane til pers. Ingen tykte dette var noko stas – men me forstod at det var ei plikt – og me forstod også sopass at dersom Gome skulle få gjort noko som helst, så måtte me hjelpe til med turist­gjetinga.

Det var altså helst eit ork å hava diktarheimen i tunet. Likevel seig det sakte inn ei interesse for denne Aasmunden, som handla om meir enn kvar han hadde sett bumerket sitt i oppveksten. Kanskje nett dette å bli nøydd til å sitje inne i den myrke og kalde Vinjestoga, har skapt respekt for, og undring over namnebroren? For trass stusslege kår, så kom han til å arbeide for meir enn berre maten. Trass armod og slitet for føda, så fekk han det for seg at han skulle gjera ein forskjell for folk, han ville bli noko meir – noko anna! Og han ville ikkje berre gjera livet lettare for seg sjølv, han ville endre samfunnet. Og store ambisjonar hadde han. I eit brev til ein kjenning i Vinje, skriv han mellom anna (om språkstriden): «Nu fører jeg Krig mod Aarhunder og Landets største Mænd, og skal føre Sproget frem til Seier og mig selv til Udødelighed.» Sjølv om ein legg til grunn at ironi ikkje er ei nyvinning frå 1990-talet, så vitnar det om ein mann med ambisjonar!

Mange av tekstene hans lever framleis, så kanskje me kan seie at ambisjonen lukkast?

Eg har blitt meir og meir fasinert av den viljen og energien han må ha hatt. Når ein veit kor lett det er å grava seg ned i kvardagsslitet og -bekymringane: veden som må hoggast, tak som må mokast, gras som må slåast, brød som må bakast og husdyr som må stellast. Når ein veit kor lett det er sjølv i vår moderne tid, – korleis i allverda kunne ein fattig husmannsson få overskot til å studere, fundere, skrive og formulere? Var det verkeleg slik at Aasmund Vinje voks opp i ein heim der akademisk arbeid vart akseptert – sjølv om det kunne gå ut over det praktiske?

Det må kanskje ha vori slik? Me veit at far Olav var ein lesande mann, og at Aasmund sette far sin svært høgt, også på det akademiske plan. Olav må ha sett at sonen hadde talent for boka. Elles trur eg ikkje Aasmund hadde fått den næringa han trong i oppveksten, til å bli den han vart som vaksen.

Å gjeva rom for akademiske syslar i eit miljø som krev uendeleg med praktisk arbeid for å overleva, må ha kosta. Eg vil tru det er mange av omvisarane i Vinjestoga som har hatt god tid til å fundere over dette, meg sjølv inkludert.

Eg har altså vakse opp med ein bauta i tunet, Vinjes fyrste kjendis. Sidan har det blitt fleire, men det er Aasmund Olavsson Vinje som på sett og vis rydda veg. Han synte vinbyggjane at det går an å ha ordet, eller kunsten om du vil, som leveveg. Med han vart det aksept for å drive med åndeleg og kunstnarleg arbeid.

Det vart vanleg å ha hyller med bøker i, og etter kvart vart det også vanleg å ha kunst hengande på veggen i den vesle grenda vår. Og ikkje berre i Vinje, men mange grender i heile landet fekk sine diktarar, målarar og spelemenn på denne tida. Nasjonsbyggjarane leita etter det som kunne binde oss saman, etter fellestrekk som danna eit folk. Dei skrivande, dei målande og dei spelande skildra det og spreidde det.

Eg kunne ikkje mange Vinje-tekster då eg voks opp. Det var vel «Blåmann», tenkjer eg. Ikkje meir. Men det var soga om denne høge, skjeggute mannen som stod på sokkel på skulen, og som smilde skeivt til meg frå eit gipsrelieff ved spegelen i gangen, som fasinerte. Tekstene tok eg ikkje til med før eg var lengst oppi 20-åra. Det var ikkje fordi eg sjølv tok initiativ, men fordi eg song i kor. Og sidan har det vel vori slik. Eg har teke i bruk Vinjes tekster etter kvart som eg har fått bruk for dei. Fyrst soga om Storegut fordi eg skulle vera med i ei skuleframsyning for den tids Rikskonsertane, sidan har det balla på seg og toppa seg med mitt eige soloalbum «Guten – Songar av Aasmund Olavsson Vinje».

Eg har altså gått nokså seint til verks. Det er ikkje noko enkelt å lesa Vinje, synest eg. Han har lange setningar og har uvande måtar å uttrykkje seg på. Dikta kan vera uendeleg lange, og ikkje alle er like gode. Men om ein tek seg bryet med ein tekst, les den høgt, les den fleire gonger, les den på ulike måtar – ja, då får ein betalt for innsatsen. Då veks det fram humor og brodd, djupt alvor og eit og anna visdomsord. Ikkje minst kjem der ord og uttrykk som er særs dekkjande for det som skal seiast. Ord som Vinje truleg laga sjølv, og som framleis er i bruk (til dømes dagsnytt). Dessutan kan ein lære mykje om landet vårt på 1800-talet.

No er det songlyrikken eg har mest kjennskap til. Fyrst i kor som sagt, men sidan også som student på institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Eg skulle velje meg songar til eksamen, og sidan det då var Edvard Grieg-år, vart det særleg naturleg for meg å innstudere nokre av Vinje-songane til Grieg. «Ved Rondane» vart eit glansnummer. Men det var ein hake. Eg fekk liksom ikkje heilt tak i teksten. Den klassiske tilnærmingsmåten som dyrkar klang og stemmeprakt kom i vegen trur eg. Det var så underleg at songane frå «Storegut», dei syntest å vera forståelege, medan Griegs Vinje-songar vart litt fjerne på eit vis? Kvifor?

Eg trur svaret ligg i framføringsmåten. Storegut-songane var laga på folkemunne. Dette var rett og slett folketonar som høvde godt til tekstene, og vart framført som folkeviser. Ikkje noko klangfarge og stemmeprakt og spyttande konsonantar, berre beint fram historieforteljing. Det tok ei god stund, ja sikkert ti år, før eg forstod dette.

Respekten for klassisk song- og romansetradisjon gjorde at eg ikkje torde å bryte med Grieg. Men lysta til å gjera det tok over til slutt, og eg fekk mot til å be bror min om å gjera nye tonar til fleire av dei mest kjende Grieg-Vinje-romansane.

Målet var å få fram Vinjes tekst. Etter mi meining har den klassiske framføringsmåten kledd inn teksten, i staden for å bera den fram. Eg ville framføre «Våren» av Vinje, og ikkje «Våren» av Grieg, for å seie det slik. Eg ynskte meg melodiar og arrangement som gjorde songaren til historieforteljar som i folkevisene. Prosjektet fekk velsigning frå plateselskapet Warner, og i lag med låtskrivar, arrangør og produsent Jørund Fluge Samuelsen tok bror Odd til med oppgåva. Resultatet vart albumet «Guten – Songar av Aasmund Olavsson Vinje».

Etter mitt syn lukkast me langt på veg. «Du gamle mor» beheldt Griegs tone, men fekk nytt akkompagnement. Griegs melodi til «Eit syn» vart lagt opp mot feleslåtten, medan «Våren» og «Den særde» fekk nye melodiar. I «Ved Rondane» vekslar melodien mellom ein folketone og Griegs for kvart vers. Mitt gamle glansnummer får behalde båe tonane, og alle fire versa til Vinje er med. Ikkje berre dei to fyrste som vanlegvis vert framført.

Den største endringa fekk «Våren». Ikkje berre ny melodi, men heile teksten er med. Ikkje berre fyrste og siste firedel som det er tradisjon for. Denne teksten fortener å bli framført i sin heilskap. Slik blir den ikkje berre ein lett sentimental tekst om å gå mot slutten av livet, men ein tekst som skildrar vårens livskraft og energi – ja beint fram den fandenivolske våren som sprengjer seg fram mellom «bjørker og bar». «Våren» ber fram forteljinga om livslaupet – om nytt liv som sprengjer seg fram av det gamle.

Diktet er slett ikkje berre ei romantisk skildring av snøsmelting og bløming som blir opplevd for siste gong. Vinje seier mellom anna i tredje vers:

Alt dette vårliv eg atter fekk

sjå, som sidan eg miste.

Men eg er tungsam, og spyrja

meg må; Tru det er det siste?

Lat det so vera! Eg mykje av

vent i livet fekk njota!

Meire eg fekk enn eg hadde

fortent, og allting må trjota

(ta slutt)

Han snur sentimentaliteten til noko positivt, til ei kraft, og ved å taka med heile teksten, gjer den eit heilt anna inntrykk – iallfall for meg.

I tittelsporet, «Guten», kutta arrangørane heile melodien i fyrste vers og erstatta tonen med deklamasjon. Dermed får teksten hovudrolla frå start, og tonen som smyg seg på etter kvart lyfter heile diktet opp mot den mektige avslutningsstrofa:

Du på ruinene må stå av livet

ditt,

Fyrst rektig då du rett kan sjå

ikring deg vidt

Om det verkeleg er slik at ein må vera heilt på botnen for å få vidsyn, kan nok diskuterast, men eit mektig bilete er det! Det var visstnok dette diktet som fekk fart i komponeringa til Edvard Grieg, etter fleire år med skrivesperre.

Der Vinjes lyrikk heller mot det romantiske, kan prosaen bite ifrå seg på ein heilt annan måte. Ikkje utan humor og brodd. Nådelaus kan han vera, og omsutsfull. Men det kan som sagt vera tungt å lesa. Ikkje så rart kanskje, når me veit at han var den fyrste skribenten av format som tok i bruk Ivar Aasens landsmål i prosatekster.

Det nye skriftspråket var i støypeskeia, og måtte prøvast ut. Men kva om han ikkje hadde gjort det, om det berre blei lyrikk? Korleis hadde skriftspråkstoda sett ut i dag? Det er ikkje på langt nær sikkert at landsmålet hadde fått livskraft nok frå starten, utan at Vinje hadde stupt uti det og prøva og feila som han gjorde. Og då veit me heller ikkje korleis det hadde gått med utviklinga av bokmålet. Så me er nok Vinje stor takk skuldig, på båe sider av «målstreken».

Respekten for Aasmund Olavsson Vinje, og for arbeidet hans, har altså vakse fram etter kvart som eg har blitt kjend med tekstene hans. Imponerande er det også, at Vinjes beste og mest kjende tekster, vart til i dei ti siste åra han levde. Gamal vart han heller ikkje, berre 52 år.

Han rakk altså å utrette nokså mykje på kort tid, og det at me framleis kjenner tekstene hans, seier sitt om kvaliteten.

Det er også svaret på om han framleis er aktuell. Sjølvsagt er han det, hadde han vori uaktuell, så hadde me ikkje brukt tekstene hans. Han har sett ord på ting som er tidlause, og sjølv om orda kan verke gamaldagse i dag, skildrar dei universelle ting som alltid vil vera aktuelle for folk. Og så kan det vel vera litt flott å bruke formuleringar som ikkje verkar daglegdagse, men litt høgtidlege?

... Fann dei fram i gjesteboka? Turistane? Ja, oftast så gjorde dei det. Så deklamerte dei gjerne nokre strofer frå eit dikt, betalte sine ti kroner, og gjekk ut i sola.

Snart susa eg sorglaust rundt på Vinjeflaten på to blanke sykkelhjul og skråla refrenget på Abbas «Waterloo» – på liksom-engelsk!

feature@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 11.39