Klassekampen.no
Torsdag 11. januar 2018
Ute i rommet: Aleksej Levonoc (Jevgenij Mironov) – den første mannen som «vandra» i kosmos. Foto: Storytelling Media
Kosmos – ingen ting mot taigaen
Romkappløpet under den kalde krigen, sett frå Sovjet.

FILM

«Spacewalker»

(Vremya pervykh, Russland, 2017)

Regi: Dimitrij Kiselev.

Manus: Sergei Kaluzhanov, Juri Korotkov, Oleg Pogodin.

Med: Vladimir Ilin, Konstantin Khabenskij, Jevgenij Mironov.

Lengde: 2 t. 16 min.

melding

HHHHII

Etter å ha sett USA romantisera si pionertid som romfartsnasjon gjennom ei rad store Hollywood-produksjonar, kan vi no endeleg sjå kappløpet frå sovjetisk side.

Amerikanarane har i sine forteljingar alltid lagt vekt på «erobringa» av månen i 1969, som gjorde at dei innkasserte den største sigeren i romkappløpet. Det er ikkje anna å venta enn at russarane legg vekt på åra frå 1960 til 1965, då Sovjet var den leiande nasjonen. Det er ikkje det einaste «Spacewalker» har sams med sine amerikanske motstykke. Regissør Dimitrij Kiselev ser ut til å ha hatt den klassiske Hollywood-filmen som sitt estetiske forbilde då han sette i gang med å fortelja om dei største, sovjetiske kosmonautane ved sidan av Jurij Gagarin. Her er både det nære, sympatiske portrettet av mennene og den pompøse skildringa av deira historiske heroisme, som vi kjenner frå filmar som Philip Kaufmans «De syv utvalgte» (1983) og Ron Howards «Apollo 13» (1995).

Det som gjev «Spacewalker» eit særpreg, som dei amerikanske filmane ikkje har, er faktumet at Bresjnev-Sovjet var eit byråkratisk diktatur med dei følgjene det fekk for motsetnadane mellom politiske mål og vitskaplege framsteg. Den personlege tryggleiken for kosmonautane vart også funne lettare på vekta enn omsynet til propaganda og dels paranoid tryggingspolitikk.

Det heroiske med Aleksej Leonov (Jevgenij Mironov) er ikkje berre at han var det første mennesket i verda som svevde i rommet, utanfor romfartøyet. Det heroiske var at fattigguten frå Sibir hadde komme til Kosmos etter å ha overlevd både dei politiske utreinskingane under Stalin og verdskrigen mot nazistane og at han uredd stod opp for seg sjølv og sin kamerat, veteranflygaren Pavel Belyajev (Konstantin Khabenskij).

Aleksej og Pavel er sjarmerande skildra, og deira utfordringar i rommet får krisene om bord på Apollo 13 til å bleikna – særleg når ein legg til at dei måtte landa manuelt og ramla ned i ukjent terreng lagt ute på taigaen i vinterstorm. Kosmos er ingenting mot Sibir. Det ligg mykje i det, og røynda var enno meir utruleg enn fiksjonen.

Både bilda frå verdsrommet og etterspelet på taigaen (i tillegg til fantastiske sommarbilde frå Sibir!) er flott filma og spanande, jamvel om forteljinga som filmdrama er noko konvensjonell.

guri.kulaas@klassekampen.no