Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I det tradisjonelle samfunnet er både gamle og unge fødde i går.

Slektstradisjonar

Det var i 1970, farfar var innlagd på sjukehuset, ingen visste kva det skulle bli av han når han kom ut igjen. Han kunne ikkje ta vare på seg sjølv lenger, han var ikkje lenger seg sjølv. Det var stussleg å vera ein tradisjonsrik familie på landet og likevel ute av stand til å ta vare på dei næraste. Men familien var i full oppløysing, og dei krampaktige forsøka på å halda saman viste berre kor langt frå einannan me var komne.