Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Uskylden, Lomheim?

Det er så ein ikkje trur det ein les i spalta Språket, i Klassekampen 17. januar. Sylfest Lomheim sto i ‘negerdebatten’ for nokre år sidan som kjerringa mot straumen, og no meiner eg det ikkje som eit kompliment. Det framsto nærast som utruleg at ein språkprofessor kunne seia det han sa, at storparten av det norske folket på uskuldigaste vis brukte ordet neger for å identifisera ein afrikanar eller ein afroamerikanar.