Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bakkar og berg: Korleis blei Norge ein nasjon av fjellturistar?

Bergets beskrivelse

Urekte norsk: Johannes Flintoe sitt måleri «Seterliv under skagastøltindene». Foto: Frå boka

I mine såkalla formative år las eg ein bråte med bøker som få andre i omgangskrinsen min las, men blant bøkene eg var særleg opptatt av, fanst det også ei som nær sagt alle rundt meg kjende ut og inn: «Fotturar på Sunnmøre» (1999), forfatta av dei røynde fjellfolka Helge Standal og Jon Hagen, fotografert av Gunnar Wangen.