Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fryktar nedstenging av alle aluminiumsverkaVil gje produksjonsstans i inntil eit halvt år

Norsk Hydro i heilspenn

I SMELTEDIGELEN: Situasjonen er særs krevjande for Hydros aluminiumsverk i Noreg, her frå Karmøy. Viss dei ikkje får råstoff til å fylle opp lagra, vert situasjonen dramatisk.Foto: Tom Henning Bratlie Tom Henning Bratlie

KRISE: Råstoffmangelen for aluminiumsverka til Norsk Hydro kan ende med ei kostbar nedstenging. Jakta på alternative kjelder må lukkast.

– Då eg høyrde om stenginga av Alunorte under frukosten onsdag morgon, sette eg kaffien i halsen. Eg tenkte at dette må ikkje skje. Det var som å få himmelen i hovudet, seier klubbleiar ved Hydro Høyanger, Lars Kjetil Skeie.