KRISE: Råstoffmangelen for aluminiumsverka til Norsk Hydro kan ende med ei kostbar nedstenging. Jakta på alternative kjelder må lukkast.
– Då eg høyrde om stenginga av Alunorte under frukosten onsdag morgon, sette eg kaffien i halsen. Eg tenkte at dette må ikkje skje. Det var som å få himmelen i hovudet, seier klubbleiar ved Hydro Høyanger, Lars Kjetil Skeie.