MÅ HEIM: Viss Noreg skal ha trygg tilgang på rett antibiotika, kan vi ikkje lene oss på import lenger. Produksjonen bør skje i Europa, meiner professor Dag Berild.
Produksjon av antibiotika har vorte så lite lønsamt at det meste vert importert frå land som Kina og India. Det set oss i ein usikker posisjon – både med tanke på stabil tilgang og kvalitet, meiner Dag Berild, overlege ved Ullevål sjukehus og professor i infeksjonsmedisin.