Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Overlege og professor varslar om auke i leveringsproblem for antibiotika:

Kan føre til meir resistens

DYRT: Det vil verte dyrt å flytte antibiotikaproduksjonen frå India og Kina til Europa. Likevel vil det vere langt billigare enn antibiotikaresistens, meiner overlege og professor Dag Berild. Siv Dolmen

MÅ HEIM: Viss Noreg skal ha trygg tilgang på rett antibiotika, kan vi ikkje lene oss på import lenger. Produksjonen bør skje i Europa, meiner professor Dag Berild.

Produksjon av antibiotika har vorte så lite lønsamt at det meste vert importert frå land som Kina og India. Det set oss i ein usikker posisjon – både med tanke på stabil tilgang og kvalitet, meiner Dag Berild, overlege ved Ullevål sjukehus og professor i infeksjonsmedisin.