Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FHI bekymra over medisinforbruk

MEDISINBRUK: To av tre personar over 65 år brukar fem eller fleire reseptpliktige medisinar samtidig, ifølgje ein rapport frå Folkehelseinstituttet. FHIs direktør Camilla Stoltenberg er bekymra over det høge medisinforbruket. Ho meiner det hastar med å skaffe breiare kunnskap om konsekvensane av så høgt medisinforbruk blant dei eldre. – Vi veit ikkje korleis det verkar når så mange legemiddel blir brukte samtidig, og vi veit ikkje korleis det verkar hos eldre som har mange ulike sjukdommar og dårleg helse. Vi veit heller ikkje om det hadde vore betre å bruke færre medisinar totalt sett, seier Stoltenberg til P4. ©NPK