MEDISINBRUK: To av tre personar over 65 år brukar fem eller fleire reseptpliktige medisinar samtidig, ifølgje ein rapport frå Folkehelseinstituttet. FHIs direktør Camilla Stoltenberg er bekymra over det høge medisinforbruket. Ho meiner det hastar med å skaffe breiare kunnskap om konsekvensane av så høgt medisinforbruk blant dei eldre. – Vi veit ikkje korleis det verkar når så mange legemiddel blir brukte samtidig, og vi veit ikkje korleis det verkar hos eldre som har mange ulike sjukdommar og dårleg helse. Vi veit heller ikkje om det hadde vore betre å bruke færre medisinar totalt sett, seier Stoltenberg til P4. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
26.000
Dagboka
- Skulle du ønskje at du kunne vedta di eiga løn? Og gjerne sikte deg inn på ein vesentleg betre auke enn den folk flest får? Ja, då kan eg varmt tilrå ein plass i den norske nasjonalforsamlinga. Der er systemet slik at ein lønnskommisjon kjem med ei tilråding, og den følgjer gjerne ramma i oppgjeret mellom NHO og LO. Etterpå vedtek Stortinget den tilrådinga kommisjonen kjem med.