Det leikande mennesket lager sine heilt eigne reglar.

Alvorleg tulla

Illustrasjon: Knut Løvås

I si bok om det leikande menneske, «Homo ludens», skreiv den nederlandske kulturhistorikaren Johan Huizinga omfattande om mange av dei områda der den menneskelege leiken er med på å prega individ og sivilisasjon. Han viser korleis leik spelar inn i skapinga av metaforar, mytar, ritual, i forsking, kunst, filosofi, poesi og musikk. På nokre språk er jo verba for å spela eit instrument og å leika det same ordet, som play på engelsk og spielen på tysk. Huizinga presenterer ein definisjon av fenomenet leik der han legg vekt på at leik ikkje er «ordinært» eller «verkeleg» liv, men at den som leiker, stig ut av det «verkelege» og inn i ein annan slags tidsdimensjon med heilt eigne reglar og opplevingar.