Israel kan bruke angrepet frå Iran for å forsøkje å skaffe seg meir sympati, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

– Grunn til å frykte at Netanyahu kan ha ei viss interesse i eskalering

Uroa: Utariksminister Espen Barth Eide (Ap) meiner det er best om Israel ikkje responderer på angrepet frå Iran. Foto: Tom Henning Bratlie

Laurdag kveld sende Iran meir enn tre hundre missil og dronar inn i Israel for å svare på det israelske angrepet mot ein iransk ambassade i ­Damaskus i Syria 1. april.