Vi veit ikkje kva som vil skje. Dikta til Lars Norén opnar plassar der det uvisse kan koma til.

Det ukjente kjem. Ver trygg på det.

Illustrasjon: Knut Løvås

I periodar har eg vore ekstremt oppteken av bestemte forfattarskapar. Då eg budde eit drygt år i den vesle bygda Rossfjordstraumen i nærleiken av Finnsnes, las eg alt eg kunne få tak i av Aksel Sandemose. Eg las bokstavleg talt «som et nesehorn med hjernebetennelse».