Mohamed Mbougar Sarr lagar eit flettverk av mytar og minne, vandrehistorier og biografi.

Inn i labyrinten

LITTERÆR SKATTEJAKT: Den senegalesiske forfattaren Mohamed Mbougar Sarr løftar ein forsmådd forfattarfigur fram frå gløymsla i "Menneskenes mest fordekte minne". Foto: Andrea Mantovani, NTB

Eg burde kanskje ha byrja med å presentere Diégane – ein ung, senegalesisk forfattar som har emigrert til Frankrike og universitetsutdanna seg i Paris. Han har skrive ei lita bok med ein parodisk pretensiøs tittel (vi kjem tilbake til det) som har selt i 79 eksemplar og for det meste blitt forbigått av kritikarane. Diégane er forteljaren i Mohamed Mbougar Sarrs «Menneskenes mest fordekte minne» (2021), som fekk den prestisjetunge Goncourtprisen i Frankrike og no er prisverdig omsett av Thomas Lundbo – skjønt, det kjennest nesten feil å snakke om forteljaren i bestemt form her. Sarrs roman har fleire sterke forteljarar, og Diégane er like ofte ein som lyttar til andre fortelje. Dei andre forteljarane deler i sin tur atter andre sine forteljingar, og romanen kan kort sagt lesast som ei russisk matrjosjkadokke: Den er full av historier, og nettopp difor kjennest det naturleg å la Diégane vente og heller byrje med ei forhistorie.

Bokmagasinet