Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sabotasjen 8. mars

No pågår ein hissig diskusjon om kor vidt jødiske kvinner blei utestengde frå 8. mars-feiringa i Oslo. Eg har deltatt i eit utal demonstrasjonstog, og reglane for markeringane bør vera klare for alle. Arrangøren bestemmer togets grunnlag. Dei som vil, kan be om å få delta med sine parolar. Slike parolar må ikkje strida mot togets vedtatte hovudparolar. Gjer dei ikkje det, vil dei som regel bli godtatt. Då må arrangøren på førehand få moglegheit til å vurdera innhald og utforming av slike parolar. Det som skjedde i Oslo 8. mars, var at ei gruppe møtte fram med parolar utforma slik at dei fremma eit tvitydig bodskap. Den utforminga hadde dei ikkje meldt om på førehand.