Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bergen innfører forbod mot å sove i sentrum og har lagt ned akuttovernattinga for fattige tilreisande. Det har gitt Claudia fleire netter på gata i vinter.

Fortviler over nytt forbod

Ulovleg: Claudia og andre fattige tilreisande i Bergen blir hardt råka av eit forbod mot å sove ute.

Laurdagskvelden er i ferd med å gå over i natt, og Claudia og mannen hennar er snart ferdige med dagens innsats. I handa ber Claudia ein pose med eple og ein pose med pommes frites. Dagens middag, om dei finn ein stad å lage maten.