Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vindkraftmotstandarar vinn lite fram med klagar:

Gjev ikkje opp

IKKJE HØYRT: I Tysvær har motstandarar demonstrert og kjempa mot vindkraftprosjektet. No har dei fått endeleg nei frå Olje- og energidepartementet, men håpar framleis i det lengste å utsetje prosessen.

NEI: Til no i år er åtte vindkraftklagar avgjort i departementet, berre éin vart omgjort. På Haugalandet meiner dei seg forbigått, og på Sunnmøre går dei til retten.

Tysvær kommune i Rogaland vart lova eit møte med politisk leiing i Olje- og energidepartementet før klagen deira vart avgjort. Det møtet vart det ikkje noko av, og førre veke stadfesta OED at dei ikkje tok klagane til følgje.