Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Blir ikkje erstatta

FORSVAR: Regjeringa vil ikkje kjøpe inn nye fregattar for å erstatte KNM Helge Ingstad, som forliste i fjor. I staden foreslår regjeringa å erstatte evna som fregatten utgjorde. Det skal skje ved hjelp av ein ny fartøystruktur. – Det er i dag ikkje mogleg å skaffe ein ny fregatt lik dei vi har. Å drifte to ulike fregattklassar samtidig er svært ressurskrevjande, skriv Forsvarsdepartementet i ei pressemelding.©NPK