Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Inga valutahjelp for studentar

STØNAD: Regjeringa har ikkje vurdert å valutajustere basisstønaden for nordmenn som studerer i utlandet, ifølgje Henrik Asheim (H), minister for høgare utdanning. Han viser til at basisstønaden, som er lik for alle, ikkje blir valutajustert. Når den norske krona svekkjer seg, gir det norske utanlandsstudentar mindre å rutte med. Arbeidarpartiets Nina Sandberg tok opp saka i eit skriftleg spørsmål i Stortinget. – Norske studentar i utlandet opplever både bortfall av inntekter og aukande utgifter grunna svak krone. Skulepengar blir valutajusterte, men ikkje studiestønaden. Ei sterk krone er dermed ein føresetnad for å kunne leve av studiestønaden, skriv ho.©NPK