Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dersom eg skulla ha skrive ein biografi om Jesus, ville eg ha mint lesarane mine på at Meisteren var eit menneske.

Mannen frå Nasaret

SJØLVRANSAKING: Kva tenkte Jesus på dei førti dagane i øydemarka? Dersom han var eit sant menneske, må han ha tvilt, skriv Edvard Hoem. Vår tids faste inneber òg å tenke på om vi er dei menneska vi vil vera. ILLUSTRASJON: WILLIAM DYCE, «MAN OF SORROWS» 1860, WIKIMEDIA COMMONS

Fungerande kronikkredaktør i Klassekampen har utfordra meg til å skrive om korleis ord som faste og påske tar seg ut for oss i dag, både ut frå det som blir fortalt i Det nye testamentet, og i lys av den konkrete situasjonen som vi no er hamna i!