Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Funksjonærane dekkjer altfor velvillig over feilgrepa til dei overordna.

Datareligionen

Mannen bak disken veg opp kinesisk te på ei gamaldags vekt med marmorplate. Han har ein heil yrkeskarriere bak seg som ingeniør i eit datafirma, så det er ikkje det at han ikkje meistrar moderne teknologi. Men spør du han om kvifor han held seg med slik ei utdatert vekt, har han litt av kvart å seia om avspora samfunnsutvikling og bortkasta tid. Til dømes når nettbanken stadig endrar på oppsettet: Det har ingen nytteverdi. Det er berre programmeraren som sit og leikar seg. Eg har programmert sjølv, så eg veit kor kjekt det er.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.