Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tida

  • Ein av klisjeane blant eufemismar vi tek i bruk når nokon døyr, er at dei har gått inn i tida. Det er ein fin måte å seie noko om kvar dei er når dei ikkje er her lenger. Sistemann ut er Jahn Teigen, som døydde måndag. Frå før er tida full av andre kjende og kjære vi har mista dei siste åra. Alle har eitt eller anna forhold til Leonard Cohen, Prince, Frank Aarebrot eller Ari Behn. Dei har gått inn i tida, skriv vi og legg ut eit fint minne på Facebook. Kanskje ikkje Bob Dylan enno, men det er eit spørsmål om tid.