Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV sette ny medlemsrekord

POP: Sosialistisk Venstreparti melder om ein betydeleg vekst i medlemstalet i fjor, då 3874 personar melde seg inn. Ved utgangen av 2019 hadde SV 15.195 medlemmer – det høgaste medlemstalet nokosinne, viser ei oversikt NTB har fått. – Dette er me særs nøgde med. Det viser at mange ønskjer å ta i eit tak for ei meir rettferdig fordeling og for å kutta klimautslepp, seier partileiar Audun Lysbakken. Den tidlegare medlemsrekorden på 13.933 vart sett i 1992, då Erik Solheim var i midten av den tiårige perioden sin som leiar. SVs framgang føyer seg inn i ein trend dei siste par åra, der parti som Raudt og MDG opplever betydeleg pågang frå nye medlemmer. ©NPK