Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Australsk eigar får 20 millionar kroner i året frå Noreg for å byggje ut vindkraft:

Direktør får rekordløn

TYSKEIGD: Utanlandske aktørar går inn i norsk vindkraft, lokka av lange og stabile inntektsstraumar. Her er Midtfjellet vindpark i Fitjar, som i all hovudsak er eigd av tyske Aquila Capital. FOTO: JAN KÅRE NESS, NTB SCANPIX Jan Kåre Ness

PUNGAR UT: Norske forbrukarar gjev pengar til dei som greier å byggje ut vindkraft. I andre enden sit ein australsk direktør med 110 millionar kroner i løn.

Shemara Wikramanayake er eit ukjent namn i Noreg. Ho er direktør i eit stort investeringsfond som heiter Macquarie Group. Dei eig britiske Green Investment Group som igjen eig vindmølleparkane under oppføring i Tysvær vindpark og Buheii i Kvinesdal.