Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utbygging av vindkraftturbinar i Tysvær skuffar motstandarar:

Stolar på Listhaug

SKUFFA: – Dei kunne i det minste venta til etter jul, seier ein oppgjeven Hildegunn Flengstad (til venstre), leiar i aksjonsgruppa som kjempar mot vindkraft i Tysvær. Her er ho i aksjon førre helg. FOTO: MARTIN ÅRSETH

BYGGJER: Motstandarane av vindkraftverk i Tysvær klamrar seg til sitt siste håp: Sylvi Listhaug. Aksjonsgruppa lovar å anke saka.

Tysvær vindpark AS, som ønskjer å byggje elleve turbinar, har no fått godkjent ein endra MTA-plan og utsett fristen for når kraftverka må vere sett i drift. Ein MTA-plan er ein miljø-, transport- og arealplan, og er noko Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) krev før ein kan setje i gang arbeidet.