Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Høge smittetal for flåttsjukdommar

HELSE: Hittil i år er det registrert fleire alvorlege tilfelle av dei flåttborne sjukdommane borreliose og TBE enn noko år tidlegare. Det viser tal frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar ved Folkehelseinstituttet. Så langt i år er det registrert 440 tilfelle av Lyme borreliose, også kalla berre borreliose. I heile 2018 vart det registrert 421 tilfelle, medan rekorden vart sett i 2017 med 438. Talet på registrerte tilfelle av TBE var i heile fjor 26, og det var rekna som høgt. Per oktober i år var det allereie registrert 34 tilfelle. Det er stor variasjon i sjukdomsbildet, men TBE-viruset kan i verste fall gi betennelse i hjerne og ryggmerg.©NPK