Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Adèle Haenel gjorde rett i å varsla offentleg om overgrep, meiner filmregissør Céline Sciamma:

Midt i metoo-stormen

FRANSK FEMINIST: Céline Sciamma er blant dei mest uttalte feministane i fransk film, no aktuell med «Portrett av en kvinne i flammer». Christopher Olssøn

Céline Sciammas partnar, filmstjerna Adèle Haenel, har blåse liv i fransk metoo. Saman har dei laga ein film om stormfull erotikk fri frå dominas.

Eigentleg skulle Klassekampen ha møtt regissør Céline Sciamma og filmstjerna Adèle Haenel saman i Oslo, for å snakka om deira Cannes-prisa film «Portrett av en kvinne i flammer» – den store julefilmen på norske kinoar.