Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gode råd

  • Hadia Tajik sin rådgjevar Edina Ringdal sluttar i Ap for å byrje i ny jobb som seniorrådgjevar i NHO. Tajik hentar ny rådgjevar frå det myteomspunne rådgjevingsselskapet First House. Den nye rådgjevaren Jorid Juliussen Nordmelan er ikkje berre rådgjevar i avdelinga for politikk og samfunn i nemnde First House, ho er også vara til Stortinget. Der møtte ho tidlegare i haust, og deltok i trontaledebatten. Då Nordmelan fekk jobb i First House, varsla selskapet full openheit om kundelista hennar. Slik openheit er ikkje kvardagskost i First House, som ifølgje sine eigne nettsider «er der» når «verdier skal skapes og forvaltes. Når konkurransen øker, krisen herjer, eller omdømmet trues».