Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Legekrisa

  • Då eg flytta tilbake frå Oslo til Bergen, måtte eg på eit tidspunkt skaffa meg ein ny fastlege. Helse Norge har ei fin side for bytte av fastlege. Lista er lang over legar i bydelen, og det kan sjå ut som det berre er til å velja og vraka mellom dei som står oppførte. I praksis er få ledige. På den lange lista med legar i bydelen min var det kanskje to med ledig kapasitet då eg skulle bytta. Men heldig som eg var, fekk eg ein fastlege. nn I Bergen har fastlegekrisa nådd eit nytt botnnivå, melder Bergens Tidende denne veka. Det er ikkje ein einaste ledig fastlege i Norges nest største by. Slik vil det vera fram til våren, då dei fyrste kommunale fastlegekontora opnar. Dei som manglar fastlege i Bergen, blir no vist til Legevakta, der ein eigen lege skal ta unna fastlegeoppdrag. Situasjonen i Bergen er ikkje eineståande. Heller ikkje i Tromsø var det ledige fastlegeplassar i oktober, ifølge iTromsø.