Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sp vil ikkje svare på om dei vil støtte eit høgrebyråd.

Eit hangande snøre

Senterpartiet gjorde kampen mot bybane over Bryggen til hovudsak i valkampen. Partiet gav veljarane eit løfte om at dei ikkje ville støtte eit byråd som vil leggje bybana der. Det var eit strategisk val. Om det var dette valet eller den store framgangen Senterpartiet har opplevd i heile landet som var utslagsgjevande, skal vere usagt, men partiet fekk fire representantar i bystyret. Førre periode hadde dei ein.